Helseteneste

Primærlegetenesta

Skal vere med å støtte opp under ei best mogleg folkehelse i kommunen. Dette inkluderer fastlegeordning og legevakt. Legane har òg offentlig legearbeid som tilsynslege, helsestasjonslege, smittevern, miljøretta helsevern og andre rådgjevande oppgåver. Primærlegetenesta skal tilby alle som ønskjer fastlege i Sula tilbod om dette. Ved akutt alvorleg sjukdom vil alle som oppheld seg på Sula få legehjelp.

Primærlegetenesta er fordelt på Vågen Legekontor, ein solopraksis og kommunelegekontoret som har 6 fastlegar og turnuslege. Vi har interkommunal legevakt på kveld, helg og natt som held til ved sjukehuset i Ålesund. Sula støttar også det interkommunale overgrepsmottaket.

Psykologtenesta 

Eit lavterskeltilbod som tilbyr evidensbasert samtalebehandling for psykiske lidinga og psykiske vanskar, i tillegg til noko enkel utredning, retta mot enkeltindivid eller grupper. Tenesta vil også bidra med veiledning av andre aktørar og på systemnivå. Dette er ei ny teneste i kommunen og ein må finne ut korleis ein kan nyttegjere seg denne kunnskapen på best mulig måte til glede for flest mulig.

Kommunepsykologen har kontor ved kommunelegekontoret.

Rehabiliteringstenesta inkl kvardagsrehabilitering

Ei teneste som skal gje tilbod til personar som har trong for rehabilitering/habilitering i alle aldrar. Ein skal vere ei synleg teneste for innbyggjarane i Sula og syte for at personar med mellombels eller varig nedsett funksjonsevne, aukar eller opprettheld funksjonsevna.

Folkehelsekoordinator

Skal ha fokus på det førebyggjande arbeidet i heile kommunen.

Rehabiliteringstenesta samt folkehelsekoordinatoren held til i lokale ved Sulatunet.  

Vårt mål er å tilby innbyggarane gode helsetenester av god kvalitet som er individuelt tilpassa. Vi skal vere lett tilgjengelege og ha kort ventetid. Det vert lagt vekt på ressursorientert tilnærming der ein bygg på ressursar, mestring og mulegheiter hjå den einskilde i lokalsamfunnet. Vi vil styrke den einskilde sin evne til å mestre eigen helse.

Info frå helsetenesta
ScreenHunter_609 Apr. 22 13.48.jpg

15. august 2015 får alle innbyggarar i Sula kommune kjernejournal.
Kjernejournal vert innført for alle i Norge. Til no har over 1,5 million innbyggarar fått kjenejournal. Kjernejournalen er viktig fordi den viser kritisk pasientinformasjon og gjer den tilgjengelig for helsepersonell i heile landet. Legemiddeloversikt, kritisk informasjon, besøkshistorikk fra sjukehus og pasientopplysningar fins i kjernejournalen.

Dei som har fastlege ved kommunelegekontoret kan no bestille time og fornye reseptar ved å gå inn på www.besøklegen.no   

Når ein skal finne legekontoret må ein sjå etter Kommunelegekontoret i Sula,

Lekende barn - Samba 2013.jpg

Tverrfagleg samarbeid med foreldre som viktigaste samarbeidspart.

Sula kommune ynskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til barn og familiar som av ulike årsakar slit i kvardagen.

I samband med prosjekt "God oppvekst" startar vi i haust opp eit tilbod vi har kalla SamBa (saman om barna), inspirert av Kristiansund kommune.

Langevåg skule er prosjektskule og SamBa skal vere eit lavterskeltilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde inn behov for rettleiing.

Frå 2013 er Transporttenesta for funksjonshemma elektronisk. Kortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto. Avstand mellom brukar sin bustad og kommunesenteret vert lagt til grunn ved berekning av beløp på kortet.  Beløpet vert fylt på to gongar i året, 01.01 og 01.07. Saldo vert nullstilt 01.01. kvart år.

For å betale ei reise nyttar ein reisekortet som eit bankkort.

For å sjekke saldo på kortet kan kvar brukar anten sende sms med brukarnummeret sitt til 40 46 60 00, eller ringe 51 90 90 01.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstørrelse

a - a - a

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30

Relaterte ressursar

Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her