Kultur og fritid i Sula

"Sula skal vere den leiande kultur- og friluftskommunen i Ålesundsregionen med aktive innbyggjarar som opplever samkjensle og identitet."

kultur - Klikk for stort bilete

Eining for kultur har følgjande ansvarsområde:

- Bibliotek
- Kulturskule
- U
tekontakt
- Fritidsklubb
- Ungdomsråd
- Idrett og friluftsliv
- Tilskotsordningar
- Saker vedr. kulturminner, generell sakshandsaming innafor kulturområdet.

Oversikt over alle registrerte lag og organisasjonar finn du under menyknappen Om Sula. Her kan lag/organisasjonar, hendingar og komande arrangement registrerast i kulturkalenderen. 

Info frå kultur
Flagg II

Krinsar i Sula med 17. mai komitear kan søkje kommunen om tilskot til arrangement.
Det skal sendast inn elektronisk søknadsskjema.

Frist: 2. april

Søknadsskjema

UKM bilde 2017

Desse fire innslaga frå Ung Kultur Møtast (UKM) skal representere Sula kommune i fylkesmønstringa i Midsund, 31. mars til 2. april.

Dans - hiphop:


Josefa Hellebust, Vilde Ågotnes og Mari Sunde Brynhildsrud.

Band:

The MJ's : Andreas Johansen, Andreas Tranvåg, Andrine Danielsen, Benjamin Johansen, Mia Dale, Sigrid Brandal Sværen, Vegard Urke

Song:

Oda Salen og Tiril Løvgren

Kunst:

Karianne Solevåg

Vi ønskjer dei lykke til med mønstringa!

ukm 2017

Lurer du på om du skal vere med på UKM, eller kanskje du ikkje du heilt veit kva UKM er? Då kan du ta ein titt på videoen her.

Deltar du på UKM i år, er du med i trekninga av eit gåvekort til ein verdi av 1000 kroner.  Her melder du deg på ukm.no innan 30. januar.
Det blir også trekning på 2 kinobilllettar blant publikum
ROBERT POST kjem og opnar heile UKM, i tillegg sit han i fagjuryen. Nytt av året er green room med overføring frå scene.

Kulturdepartementet melder at det frå og med 15. november vert opna for å levere inn søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

Søknadsfrist er 1. mars 2017

Føresegner for ordninga, eige søknadsskjema og rekneskapskjema finn ein på www.idrettsanlegg.no


 

Kulturprisvinnar 2016 Jorunn S. Dyrkorn

 

Jorunn Standal Dyrkorn har stått på for frivillig arbeid i over 20 år, og har vore særskilt viktig for Sula Danseklubb, der ho har vore med sidan starten i 1997. I danseklubben har ho vore med å medverka til ei svært positiv utvikling, og vore opptatt av å satse på breidde og topp, integrering, og fokus på barn og ungdom med særskilte behov.
Ho er opptatt av at alle er like mykje verd og at alle skal bli sett og tekne vare på.
Jorunn er allsidig og har bidratt som frivillig innanfor fleire område.

Prisvinnaren er eit førebilete for mange med sitt arbeid og engasjement overfor barn og unge.

Kulturprisen blir delt ut på Friheim Kulturhus 15. desember.

Søknad om spelemidlar inkl. førehandsgodkjente planar må sendast kommunen seinast 15. oktober 2016. Meir informasjon om kva og korleis finn du i denne linken.

 

Spørsmål om nye spelemiddelprosjekt kan rettast til kulturleiar, tlf. 70199100 eller på e-post til ingunn.krosby@sula.kommune.no

Vi vil gjerne ha innspel og forslag frå deg, og inviterer til møte om kulturplan for Sula kommune.

Tid og stad: tysdag  20. september kl. 18 til ca kl. 20.00, rådhuset møterom i 1. etasje. 

For hausten 2016 er det muleg å søkje følgjande tilskot:

Private kulturbygg, frist 15. september

Ordinære kulturmidlar, frist 15. september

Retningsliner og søknadsskjema til kommunale tilskotsmidlar på kulturområdet.

Det er no tid for å søkje øvingstid i musikkbingane for neste sesong.

Frist: 15. juli

Søknadsskjema

Tord Juul


Tord blir tildelt Sula kommune sitt kulturstipend for 2015.

Han er 13 år no i desember, og  trass sin unge alder har han allereie deltatt på mange arenaer. Tord har vore med to gongar i Norske talenter, deltatt på UKM og var med til Fylkesmønstringa, i tillegg til at han deltar med mange spelaroppdrag. Han har også vore vurdert til å vere blant dei fem beste i Norske Country-talentar.
 

Tord er ein mangfoldig musikar som syng og spelar munnspel, gitar og piano.

Sjå Møre og Romsdal fylkeskommune for retningsliner og søknadsskjema.

Godkjenning og søknad går gjennom kommunen.
Frist til kommunen er 15. februar.


Kulturdepartementet har endra dato for frist til å søkje kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg frå 1. mai til 1. mars.

Neste søknadsfrist er 1. mars 2016.

Ungdosmrådet høst-15

 

Ungdomsrådet har hatt val og dei 14 medlemmane er:

 Martin D. Sunde, Espen Breiteig, Fredrik Madsen, Sturla Stadsnes, Pål Hildre Dimmen, Peter M. Østrem, Hans Martin Hjelle, Håvard Volle Dybvik, Andrine Sanden, Anne-Marie L. Remø, Amalie Kanstad, Sina L. Birkeland, Lena Elgsaas, Elias Fiskerstrand
Sturla Stadsnes er leiar.
Sina, Lena, Martin, Amalie og Espen er nye av året.

Mausavatnet

Sidan 22. juni har vi hatt ei avstemming liggande her på heimesida. Føremålet var å kåre Sula sitt mest attraktive friluftsområde, og området som vann skulle også vere utgangspunkt for bålsamtale med listetoppane og natt i naturen 5. 6. september.

Heile 9525 stemmer er talt, og Mausavatnet fekk 4628 av stemmene, noko som gir ein klar siger.
Vasset frilufts- og idrettspak kom på ein god 2. plass med 2464 stemmer. Sundsmyra og Vardane kiva om 3. plassen med høvesvis 1095 og 1078 stemmer.


Sula kommune tilbyr kommunal forskottering på godkjente spelemiddelsøknadar. 

Kommunestyret vedtok i desember 2013 å opprette eit fond pålydande kr. 2 500 000.
Føremålet med fondet er å forskottere tilskot frå dei statlege spelemidlane til idretts-, frilufts- og nærmiljøanlegg, og som er opparbeidt av frivillige lag og orgaisasjonar i Sula kommune.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i møte den 23.02.2015, sak FU-14/15, med heimel i Plan- og bygningslova §§ 5-2 og 8-3 å legge framlegg til Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi til andre gongs høyring og offentleg ettersyn.  Høyringsfristen er sett til 15.april 2015.  Etter høyringsperioden og handsaming av høyringsinnspel skal planforslaget leggast fram for vedtak i fylkestinget i juni.

 

kultur

 

For å legge inn arrangement og hendingar må laget eller organisasjonen først vere registrert i oversikta for lag og organisasjonar. Sjå under menypunktet Om Sula > Lag og organisajonar, her finn du meir om korleis du kan registrere hendingar/arrangement.

Gi innbyggarane ei mulegheit til å finne fram i alt som skjer på Sula!

Sula kommune ønskjer å få innspel på samarbeidsformer, og gjensidige avklare forventingar sett i lys av  folkehelseperspektivet.

Arbeidsprosessen skal ende opp i ein rapport/utgreiing til sommaren og vi treng det frivillige sin kunnskap og erfaring om korleis tilhøva er i dag og korleis ein kan sjå for seg at det kan verte.

Vi inviterer difor til ope møte 27. februar kl. 18.30 på rådhuset, 1. etasje, og ønskjer alle som representerer frivillige lag og organisasjonar velkomen.

Sjølv ved ope møte, ønskjer vi av praktiske årsakar tilbakemelding på kven som kan delta. Send e-post til ingunn.krosby@sula.kommune.no.


Dette bør du ikkje gå glipp av!

Sunnmøre regionråd i samarbeid med arbeidsgruppa for kultursamarbeid på Sunnmøre inviterer til kursrekke i tilskot og søknadsskriving. Utvida søknadsfrist til 21. august.

Til hausten: kurs på dag- eller kveldstid seks stader på Sunnmøre.

Målgruppe: frivillge i lag og organisasjonar og tilsette i kommunal sektor.

Sjå her (PDF, 251 kB)for informasjon og påmelding
Sjå her for direkte link til Sunnmøre regionråd

Sula kommune har hatt ungdomsråd sidan 2002.
Rådet har 14 faste medlemmar og består av ungdom frå 13 til 20 år frå forskjellige miljø i kommunen. Ungdomsrådet skal være eit talerør for ungdom i Sula.

Musikkbinge i Mauseidvåg - ungdomsrådet

Sula har fått sin musikkbinge nummer to og dette vart markert onsdag 10. november.
Nøkkel til bingen vart overrekt Ungdomsrådet sine representantar, Yngve Brathaug og Fredrik Winther Ramstad.

Neighbours Pain har fast øvingstid i musikkbingen og fekk æra av å stå for innviinga. Bandet består av desse karane:
Markus Haram Svorte, Nikolai Haram Svorte, Henning Hjemte Flisnes og Elias Birkeland.
Sjå denne lenken frå opninga.

Sjå artikkel for meir informasjon om bingane i Sula.

Turløypa på Vasset

Møre og Romsdal fylkeskommune lyste tidlegare i haust ut konkurranse om fylkets beste universelt utforma turløype.
Sula kommune, i samarbeid med Friluftsrådet og representant for Lysløypekomiteen meldte turløypa i Vasset som kandidat. 
 Turløypa er kåra til ein av tre som får tildelt pris - og 10 00 kroner til vidare utvikling av turløypa. Førsteprisen går til tursti i Rindal.

Fylket skriv dette i si begrunning for turløypa i Vasset frilufts- og idrettspark:

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal delar årleg ut 250.000.- til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Her kan du lese meir og laste ned søknadsskjema. Fristane er 1. april og 1. desember kvart år. Held du på meg noko spennande som du treng litt økonomisk støtte til? Kanskje Ungdomsmidlane kan vere aktuelt.

Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerar til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylket.

Kulturrabatt for ungdom

Kulturrabatt for ungdom er ei rabattordning for ungdom i alderen 16-20 år.
Ved å vise gyldig legitimasjon vil ungdom oppnå 25 prosent rabatt på ordinær billettpris ved utvalde kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal.
Sjå i linken nedst på sida for nærare informasjon og oversikt over arrangørar i fylket som er med i ordninga.

Sula kommune har sidan januar 2008 vore med i ordninga Kulturrabatt for ungdom. Ordninga gjeld førebels for arrangement i regi av kommunen.

Filmar

For framsyning og omsetning av film og videogram i næring må
ein ha løyve frå kommunen.

Alle som vil fornye gjeldande løyve, eller som ynskjer tildelt løyve, må fremje søknad til kommunen.

Formålet med Frivillighetsregisteret er å forbetre og forenkle samhandlinga mellom frivillig verksemd og offentlege myndigheiter og styrke og bevare grunnlaget for frivillig verksemd.

Registrering i Frivillighetsregisteret er eit krav for deltaking i Grasrotandelen. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det muleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi ein andel på inntil 5 prosent av innsatsbeløpet direkte til ein lokal organisasjon.

GP03

Nyttar du deg av mulegheita til å legge inn arrangement og hendingar i kulturkalenderen?
På Sula er det mange arrangement av forskjellig slag, og det bør vise att på kommunen si heimeside - kalenderen skulle vore full!

Det er enkelt - er laget, organisasjon eller foreninga registrert så er det berre å legge inn arrangement og redigere ved behov.

Sula Folkeakademi

Eit folkeakademi er eit ideelt lag som arbeider for å fremje eit allsidig kulturliv i kommunen, til dømes ved å¸arrangere foredrag, konsertar, teater eller andre typer kulturprogram.

Målsetjinga er å gje folk i alle aldre gode kulturopplevingar og å skape engasjement rundt viktige samfunnssaker.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstørrelse

a - a - a

Kontaktinformasjon

Ingunn Krosby
Rådhuset Postboks 280
6039 Langevåg
E-post : ingunn.krosby@sula.kommune.no
Telefon
: 70199599

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Levert av ACOS AS