Sula kommune

Sikker post til kommunen (Edialog)

Sula kommune har tatt i bruk eDialog, førebels er det hovudpostmottaket og Sula PPT som tilbyr denne tenesta. Med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument sjølv om dei er unntatt offentlegheit.

Mange sender oss dokument  pr. e-post. E-post er ikkje ein sikker kanal, den kan hackast, e-postar kan bli stoppa av spamfilter, eller idet kan vere andre grunnar til at den ikkje kjem fram.

eDialog er ein sikker kanal der du kan kontakte oss og sende oss dokument. Alt som blir sendt gjennom denne kanalen blir lagt inn i vårt sak-/arkivsystem.

Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.

For å bruke tenesten, må du logge deg på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten. Hjelp til å logge på. Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumenta må vere i pdf-format)

Her finn du eDialog for Sula kommune.

Her finn du eDialog for Sula PPT

Spørsmål og svar

Aministrasjon

Slik fyller du ut skjemaet
  • Om det du sender oss gjeld deg som privatperson skal du bruke fødselsnummeret ditt, om du sender inn på vegne av ei verksemd/organisasjon skal du bruke oranisasjonsnummeret til verksemda/organisasjonen
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Her skal du fylle inn kva saka gjeld, gjerne saksnummeret om du kjenner til det.
  • Kommentar: Gi ei god beskriving av kva saka gjeld
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg (må vere i PDF-format)
  • Klikk på "Send forsending". Forsendinga blir kryptert og sendt direkt til vårt saks-/arkvisystem.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post.
Fordelar med eDialog
  • Det er ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Det som blir sendt med eDialog blir mottatt i Sula kommune/Sula PPT sitt sak-/arkivsystem
Når skal du ikkje bruke eDialog?
  • Om Sula kommune har elektroniske skjema for det saka gjeld, f.eks søknad om barnehageplass, stilling, endring av renovasjon mm. Oversikt over Sula kommune sine skjema finn du her.
  • Om saka gjeld enkle spørsmål og ikkje inneheld sensitiv informasjon, kan du sende e-post til post@sula.kommune.no

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

 

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30

 

Katrin Torben
Merkantil/kontor for PPT
E-post
Telefon 70 19 95 40

Organisasjonsnummer: 975319202