Omsorgsbustader til leige

Det blir ledig fleire omsorgsbustader i Sula. Bustadane skal tildelast til eldre, funksjonshemma eller andre med behov for tilrettelagt bustad. Det er Inntaksutvalet i Sula som tildeler omsorgsbustader.

Det er ikkje knytt personale til bustadane og naudsynt hjelp blir gitt av heimetenestene.  Vi gjer merksam på at det kan søkjast om bustøtte frå Husbanken.

Har du behov for ytterlegare informasjon om bustadane, kan du kontakte Servicetorget på rådhuset, tlf 70 19 91 00 eller Tiltakskontoret på tlf. 70 19 82 24.

Bakketun

Det blir ledig ein bustad på Bakketun, Fiskarstrand. Bustaden inneheld stove m/kjøken, 2 soverom, bad og bod. Bustaden har i tillegg utebod, veranda og carport. Husleiga blir regulert årleg og er for 2017 kr. 7300,- pr. månad. Straumutgifter kjem i tillegg.

Søknadsfrist: 22.09.17

 

Nausthaugen

Det er ledig ein bustad på Nausthaugen. Bustaden er klargjort for innflytting og inneheld stove m/kjøken, eitt soverom, bad og bod. Husleiga er for tida kr. 5100,- pr. månad ekskl. straum.

Søknadsfrist: 22.09.17

 

Molværsvegen 17

I 2. etasje på det nye bygget i Molværsvegen 17 i Langevåg blir det bygd 4 omsorgsbustader. Bustadane er ikkje tilknytta bukollektiva i bygget og blir klargjort for innflytting i oktober i år. Evt. behov for naudsynt hjelp blir gitt av Heimetenesta. Bustadane har ulik storleik og inneheld stove m/kjøkenkrok, soverom, bad og bod. Husleiga blir fastsett av Sula kommunestyre og er førebels stipulert til kr. 5300 pr. månad for dei to minste bustadane og kr. 6000 pr. månad for dei største. Straum kjem i tillegg og er førebels stipulert til kr. 600,- pr. månad for alle dei fire bustadane.

Søknadsfrist: 22.09.17

 

Stadsnesvegen 22

Det blir ledig 9 omsorgsbustader fordelt på 3 etasjer i nyoppført bygg i Stadsnesvegen 22 i sentrum av Langevåg. Kvar bustad innheld stove m/kjøken, 2 soverom, bad og bod. I tillegg er der utvendig bod og garasjeplass til disposisjon for leigetakarar med eigen bil. Bustadane blir klar for innflytting 01.01.2018.

Husleiga blir fastsett av Sula kommunestyre og er førebels stipulert til kr. 8791,- pr. månad ekskl. straum. Dei som allereie har søkt om bustad her, treng ikkje søkje på nytt.

Søknadsfrist: 01.11.17

Søknadsskjema (PDF, 14 kB)

Publisert av Kathrin Reidun Vågnes. Sist endra 13.09.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her