Oppstart av planarbeid for Rørstadmarka skule, gnr 74 bnr 114 med fleire, Fiskarstrand

I medhald av plan- og bygningslovens §§ 121, 3, 8 og 14 varslast det om oppstart av detaljregulering for Gnr 74 Bnr 114, med fleire.

Planområdet

Hovuddelen av området vart endra i forrige rullering av kommuneplanens sin arealdel (2015) og er no satt av til framtidig offentleg eller privat tenesteyting. Tidlegare var dette regulert til bustadføremål i den eldre reguleringsplanen Rørstad Vestre, planid 7.06. Øvrig areal er fortsatt regulert gjennom den eldre reguleringsplanen Rørstad Vestre, med formål som veggrunn og gangveg.

Bilde planområde gnr 74 bnr 114 med fleire.jpg - Klikk for stort bilete

 Formålet med detaljregulering

Formålet med detaljreguleringa er tilrettelegging for offentleg skulebygg med tilhøyrande anlegg og funksjonar. Dette inkluderar og køyre- og gangatkomst via den offentlege vegen Rørstadmarka. Vidare er Rørstadkrysset, der vegen Rørstadmarka møter Fv657 (Fiskarstrandvegen/Mausavågvegen), inkludert i planområdet. Dette for å ivareta eventuelle naudsynte trafikkfunksjonar.

Planen er vurdert i forhold til forskrift for konsekvensutgreiing, og planavdelinga i Sula kommune har konkludert med at planen ikkje skal konsekvensutgreiast. Planen er vurdert til å ikkje ha tilstrekkeleg verknad på miljø og samfunn slik at ei konsekvensutgreing vert naudsynt.

Forslagstiller og grunneigarar

Forslagstiller er Sula kommune. Planen vert utarbeidd av Sula kommune.
Eigar: Gnr/bnr 74/114, 120, 126, 171, 189 - Sula kommune, 74/277 - Statens vegvesen
74/123, 218, 263, 317, 75/1, 77/1 har øvrige eigarar.

Informasjon

Det vert og lagt ut oppstartsmelding på Sula kommune sine heimesider.
For nærare informasjon kontakt Sula kommune.

Merknader til oppstart

Merknader som kan ha verknad for planarbeidet merkast med saksnr 17/1025, og sendast til:

Sula kommune

Pb. 280, 6039 Langevåg

eller

postmottak@sula.kommune.no

Merknadsfrist er 20. oktober 2017

 

Publisert av Kathrin Reidun Vågnes. Sist endra 14.09.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her