Pleie og omsorg

Sulatunet hovudbilete - Klikk for stort bilete

Under dette menypunktet finn du viktig informasjon og aktuelle nyhende frå omsorgsstenestene i Sula kommune.

Omsorgstenesta er til for folk som treng personleg hjelp for fortsatt å kunne bo heime eller som treng tetttare oppfølging eller opphold på institusjon.

Det er eit mål for oss å kunne legge til rette for at alle kan bu i eigen heim så lenge som råd.

Tenestene er for heile befolkninga uansett alder. Konstatert hjelpebehov, gir rett til tenester, anten det skuldast skade, funksjonshemming, sjukdom eller alder. Vi kan tilby mange tenester, alt frå enkle hjelpetiltak i heimen, dagsentertilbod eller tunge institusjonstenester.

Omsorgstenestene er organisert i tre driftseiningar: Heimetenester, Bukollektiva og Sulatunet.

Les meir om dei ulike tenestene i menypunkta til venstre.

Info frå omsorgstenesta
Kvardagsmeistring

Kvardagsrehabilitering er ei tildelt teneste frå kommunen der målet er at du skal oppleve auka meistring i aktiviteter som er viktig for deg. Din eigen bustad og nærområde er treningsarenaen din og saman med fagpersonar vil du få rettleiing og oppfølging i aktivitetar som gir framgang. Forsking viser at rehabilitering i eigen heim gir best resultat. Tilbodet er eit lavterskeltilbod, og vil gjelde i ein klart avgrensa periode. Vi evaluerer og justerer tiltaka etter behov.

Av deg forventar vi at du må vere motivert til å gjere ein innsats for å gjenvinne dei aktivitetane som du tidlegare meistra, slik at du i størst mogeleg grad kan klare deg sjølv i kvardagen.

Frå 2013 er Transporttenesta for funksjonshemma elektronisk. Kortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto. Avstand mellom brukar sin bustad og kommunesenteret vert lagt til grunn ved berekning av beløp på kortet.  Beløpet vert fylt på to gongar i året, 01.01 og 01.07. Saldo vert nullstilt 01.01. kvart år.

For å betale ei reise nyttar ein reisekortet som eit bankkort.

For å sjekke saldo på kortet kan kvar brukar anten sende sms med brukarnummeret sitt til 40 46 60 00, eller ringe 51 90 90 01.

Kreftkoordinator2

Sula kommune har med støtte frå Kreftforeningen fått eigen kreftkoordinator/kreftsjukepleiar som kan tilby hjelp og støtte. Kreftkoordinator kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar, og for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinatoren kan gje råd, vegleiing og samtalar, og vere med å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen. Koordinatoren kan også vere eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunen.

Kreftkoordinator i Sula kommune er Tanja Yvonne Alme. Ho er å få tak i dei fleste kvardagar mellom 08.00 - 15. 30 på telefon 70 19 82 14 eller 90 70 97 85. Du kan også sende e-post. Ta gjerne kontakt!

demenssymbol.jpg

Eller er du pårørande til nokon som har demens og treng nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med fagleder på erindringssenteret, Eli Karin L. Hageløkken på telefon 70 19 91 40.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstørrelse

a - a - a

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 3910.51.86499.
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30

Relaterte ressursar

Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her