Velkomen til ny veke

Velkomen til ny kulturskuleveke. Det er ekstra viktig at alle elevar overheld smitteverntiltaka våre no. Hald god avstand, og ver flink med handhygiene. Det viktigaste er å ikkje kome til kulturskulen om ein er sjuk, eller har symptom. Ventesonane våre er kritiske områder, så her bør alle opphalde seg så kort tid som mogleg, og ta omsyn til reglane. Gje beskjed til lærar om du ikkje kjem på time, så kan vi legge til rette for eit digitalt tilbod.

Det nærmer seg frist for inn/utmelding. Tenk nøye gjennom om du ynskjer eit ekstra tilbod i kulturskulen t.d jazzorkester, forlenga speletime, eller ta Drama i tillegg til det du går på frå før. Frist er 10. desember. Lykke til med veka. Følg nøye med på vår facebookside om oppdatering ift smitteverntiltak og evt nivåendring.