Velkomen til ny veke

Velkomen til ny veke i kulturskulen. Vi håper alle har hatt ein fin haustferie. No starter innspurten på dette semesteret, og vi nærmer oss dei fyrste konsertane, og julekonsertane, utstilling og Sulanissen er heller ikkje langt unna. Du finn alle planlagte hendingar på Facebook, Speedadmin og etterkvart på Friskus. Det er viktig at alle jobber godt, og øver bra heime, slik at alle føler mestring og trygghet når dei skal vise fram det dei har lært. Denne veka klargjeres faktureringsgrunnlag, så det kjem snart ein faktura frå kulturskulen for dette semesteret. Hugs at fristen for å evt seie opp sin elevplass for neste semester er 10. desember.