Velkomen til ny veke og takk for innsatsen på UKM

Velkomen til ny veke i kulturskulen. Takk til alle våre elevar som deltok på UKM Sula 2022. Det vart ei fin forestilling på Friheim. Utruleg kjekt at så mange frå kulturskulen både på scene og med bilete deltok. Neste år blir det enda fleire med. Det er berre å starte førebuingane. Lykke til med denne veka. Minner om at det neste veke er Jazz på Kølbuda tysdag 29.mars. Det blir ein inspirerande konsert, som vi håper mange får med seg.