Velkomen tilbake

Velkomen til ny veke i kulturskulen vår. No starter innspurten av dette semesteret, og dei fleste av våre arrangement er no ferdig planlagt. Ein finn oversikt både i SpeedAdmin, Facebook, heimesida vår, og på Friskus. Hald av aktuelle datoar. Alle får beskjed frå sin lærar om kva ein skal delta på, og alle er hjarteleg velkomne som publikum på alt som er.