Brannvern

Brann - Klikk for stort bilete

Sula brannvesen er delt i førebyggjande brannvern (feiing og tilsyn) og brann- og utrykkingsberedskap.

Kven får tenesta Alle heilårsbustader i kommunen som har pipe med eldstad og som har tilrettelagt tilkomst for feiing med godkjent stige/faste trinn på tak, i samsvar med krav får Arbeidstilsynet, eller godkjend feieluke.
 

 Feie- og tilsynsavtale med Ålesund Brannvesen KF

Feiing
Skorsteinen vert feia/kontrollert etter behov, minimum annakvart år. Ein må her basere seg på erfaringar frå tidlegare feiingar og fyringsmønster. Det er brannsjefen, etter råd frå feiaren, som fastset feiefrekvensen for dei einskilde skorsteinane.

Tilsyn
Fyringsanlegg vert kontrollert kvart 4. år. Dette gjeld alle slags eldstadar, enten dei er fyrte med ved, olje eller gass. I tillegg blir det kontroll av sløkkjeutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar. Særskilte fyrrom for sentralfyr vert også kontrollerte i høve til føresegnene. Skorsteinen kan, etter tinging, bli inspisert med spesialkamera dersom det er mistanke om feil eller manglar som kan oppstå til dømes ved ein pipebrann.

 E-post feiaren: Sula.Feiaren@sula.kommune.no

Eldstad - melding om installering
Eigar er pliktig til å melde frå til kommunen (brannvesenet) når eldstaden er installert. Dette gjeld også om det vert gjort andre vesentlege endringar ved fyringsanlegget.

Du nyttar skjemaet: Registreringsskjema for eldstad.

Installasjon av eldstad i eksisterande bygning er i Plan og bygningslova unntatt frå søknad og melding når installasjonen blir kontrollert av kvalifisert kontrollør, jf saksføreskrifta (SAK) § 5 nr.2 bokstav d. Installasjon av eldstad som del av nytt bygg er likevel søknadspliktig arbeid. Lever dette som del av byggjesøknaden.

Brann og utrykkingsberedskap
Sula brann- og redningsvesen står klare til å rykke ut på kort varsel dersom det skjer ulukker eller om det tek til å brenne. Hugs også at din eigen innsats dei første minutta kan vere avgjerande for utfallet av ei ulukke eller ein brann. Det viktigaste er å redde liv.

Brann- og redningsberedskap for Sula er lokalisert til brannstasjonen i Djupdalen i Langevåg.

Aust for Furnes-tunellen samarbeider vi med Ålesund Brannvesen KF, for å styrke brann- og redningsberedskapen.

Samarbeidsavtale
med kommunane Ålesund, Giske, Skodje, Ørskog, Norddal og Stordal i eit interkommunalt samarbeid om brannvern( DIB). Samarbeidet går for det meste ut på førebyggjande brannvern, tilsyn og øving/opplæring av innsatsstyrken.

Er medlem i Sunnmøre IUA
(Interkommunalt Utval mot Akutt forureining).  Totalt 17 kommunar er med i dette interkommunale samarbeidet som skal sørgje for å dekke beredskap mot større og mindre tilfelle av akutt forureining.

Er tilknytt Møre og Romsdal 110-sentral KF
som er lokalisert ved Ålesund Brannstasjon. Dette er eit kommunalt føretak som tek imot og loggfører alle naudmeldingar om brann for M&R. 110-sentralen vidarevarslar rett kommune, ambulanse (113), politi (112) og andre beredskapsressursar.

Bålbrenning
Den som brenn bål har ansvar for :

  • å be om løyve i frå grunneigar
  • at bålstaden er tilstrekkeleg sikra mot spreiing av brann.
  • å skaffe til veie sløkkevatn og reiskap
  • at bålbrenninga ikkje skaper problem eller ubehag for naboar i nærområdet, og det må vere samtykke frå naboar, evt. grendalaget om bålbrenninga .
  • å sjå til at bålet berre består av reine produkt ( ubehandla trevirke, papir/papp) og ikkje malt/trykkimpregnert trevirke eller søppel (plast, møbler etc.).
  • å ikkje forlate bålet før det er fullstendig sløkt.

Bålforbod 15. april – 15. september som er eit generelt forbod mot å gjere opp eld i skogmark.

Uforsiktig omgang med eld, som blant anna bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til skogbrann. Menneskelig aktivitet er skuld i ni av ti skogbrannar, men også gnister frå jernbane og kantslått langs vei fører til skogbrannar. Den einaste naturlige kjelda til skogbrann er lynnedslag.

Elles er all avfallsbrenning forbode.

Løyve til salg av fyrverkeri
Den som vil selje fyrverkeri må ha søkt om løyve innan 01. mai. Det er brannsjefen som gjev løyve til sal av fyrverkeri.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) står bak nettsida sikkerhverdag.no.

Info frå brannvern
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstørrelse

a - a - a

Kontaktinformasjon

Kjartan Molvær
Rådhuset Postboks 280
6039 Langevåg
E-post : kjartan.molvaer@sula.kommune.no
Telefon
: 70 19 91 00

(Kommunenr)
: 1531

Søk

Relaterte ressursar

Levert av ACOS AS