Kommunal vigsel

Kven kan gifte seg i Sula kommune?

Sula kommune tilbyr vigsel til alle som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge. 

For å inngå ekteskap i Norge må ein ha ein prøvingsattest frå folkeregisteret. Søknad om prøvingsattest har vanlegvis ei behandlingstid på 2-3 veker. Prøvingattesten er gyldig i fire månader.

Når kan de gifte dykk?

  • Kvardagar i ordinær opningstid for rådhuset (08:00-15:30), etter avtale.
  • Ettermiddag/kveld og helgedagar- etter førespurnad og så langt kapasitet og praktiske omsyn tillèt det.

Kvar kan de gifte dykk?

Kommunen stiller følgjande lokaliteter tilgjengeleg:

  • Ordføraren sitt kontor
  • Formannskapssalen
  • Møterom på Molværsvegen 17

Etter førespurnad kan vigselen også gjennomførast på andre stadar. Vigselspersonane vurderer sjølv kapasitet og dei praktiske tilhøva i kvart einskild tilfelle.  

Kva kostar det?

Dersom ein eller begge brudefolka er folkeregistrert som busett i Sula kommune, vigselen finn stad i ordinær opningstid for rådhuset og i kommunen sine lokale, er tilbodet gratis. Dette tilbodet gjeld også for personar som ikkje er busett i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.

Ved vigsel ut over det ordinære tilbodet har Sula kommunestyre vedtatt slike gebyr/satsar for eigenbetaling:

  • Innbyggjarar frå andre kommunar kr. 1 657* pr. vigsel
  • Utanom ordinær opningstid og i kommunale lokale , kvardagar kr. 2 138 * pr. vigsel
  • Utanom ordinør opningstid, helg kr. 2 779* pr. vigsel

* Gebyret dekker førebuing, gjennomføring og etterarbeid av vigselen, samt kommunalt lokale inkl. vaktmeistar, oppvarming m.v.

Om staden for gjennomføring av vigselen krev særskilt førebuing/tidsbruk for vigselspersonen vert gebyret berekna med utgangspunkt i kr. 1 603 per time. 

Kommunen kan stille med vitner i ordinær opningstid på kvardagar

Avtale tidspunkt for vigsel

Bestill tidspunkt her.

Spørsmål og svar

 

Kontakt

Servicetorget på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 08:00-15:30

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss