Sula kommune

Dette bør du ha heime

Er du forberedt om vi skulle bli ramma av ei stor hending eller krise? Ved å ta nokre enkle grep kan du betre beredskapen til deg og din husstand.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Dette bør du ha heime

Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av - vatn, mat, medisinar og varmekjelder - er du betre rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar.

I denne lista ser du eksempel på ting ein kan ha i hus for å klare seg i minst tre døgn:

  • ni liter vatn per person
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ein pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar pålegg med lang lagringsevne per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • grill- eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging

Jodtablettar

NB! Jodtablettar blir berre delt ut om det oppstår ein situasjon som gjer det nødvendig.

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har barn? Då bør du ha jodtablettar heime. Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apoteket.

Kommunane er ansvarleg for å dele ut tablettar til alle under 18 år, gravide og ammande. Sula kommune har nok tablettar til desse gruppene, og vi har planar for korleis vi skal distribuere dei om det blir nødvending. 

Samtykkeskjema for barn og ungdom under 16 år

Alle skular og barnehagar i Sula har jodtablettar tilgjengeleg til barna som oppheld seg der. Om barnet eller ungdommen ikkje har fylt 16 år, må føresette samtykke til at dei tar jodtablett. Samtykkeskjema finn du her.

Her vil du få tak i jodtablettar 

NB! Jodtablettar blir berre delt ut om det oppstår ein situasjon som gjer det nødvendig.

Personar som er over 18, og som ikkje er gravide, eller ammande er sjølv ansvarleg for å skaffe seg jodtablettar.

Vi oppmodar alle under 40 år om å kjøpe jodtablettar på apoteket og ha desse liggande i beredskap heime.  For dei som ikkje har skaffa seg jodtablettar på eiga hand, har vi lagt opp til følgande distribusjon

  • Om føresette har gitt samtykke, og situasjonen oppstår i opningstida, vil barn og ungdom få utdelt jodtablettar i skulen og barnehagen. Om situasjonen oppstår på kveld eller helg må de hente tablettane på skulen/barnehagen der barnet ditt gjeng.
  • Barn i barnehagealder som ikkje gjeng på barnehage, kan hente tablettar på rådhuset
  • Ungdommar 16 - 18 år kan hente tablettar på rådhuset 
  • Gravide og ammande kan hente tablettar på helsestasjonen

 Les meir om kva du er anbefalt å ha i beredskap (DSO)

Kva type jodtablettar vil du få utdelt?

I Sula kommune deler vi ut Kaliumjodid 65 mg.  

Meir informasjon om jodtablettar finn du på nettsidene til Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA)

Tilfluktsrom

Offentlege tilfluktsrom skal gi vern for allmenta i ein beredskapssituasjon. Veit du kvar ditt nærmaste offentlege tilfluktsrom er? Kart med offentleg tilfluktsrom finn du på denne sida: DSB kart med offentlege tilfluktsrom.