Opprette ny utleigedel i eigen bustad

Dersom du skal opprette ein ny godkjent utleigedel i eigen bustad, er dette søknadspliktig. Ei ny leilighet medfører ei ny branncelle, og det vert stilt krav til at kvalifisert brannprosjekterande firma står ansvarleg for denne delen av arbeidet. Brannprosjekteringsdelen er ikkje noko privatpersonar kan stå ansvarleg for sjølv.

Direktoratet for byggkvalitet si nettside finn du meir informasjon om utleigedel i eigen bustad.

Direktoratet for byggkvalitet har også ein god veiviser for kva du er kvalifisert til å søke om.

Kontakt

Stian Vamråk
Saksbehandlar byggesak
E-post
Telefon 95 71 22 72
Åge Risjord
Saksbehandlar byggesak
E-post
Telefon 95 71 22 69