Kommunal gjennomgangsbustadLytt til tekstenStopp avspillingDu kan søke om å leige kommunal gjennomgangsbustad om du ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp.Ordinær varigheit for leige er 3 år.Kven kan få tilbodet?Du må vere over 18 år folkeregistrert i Sula kommune. utan eigna bustad, noverande bustad må i liten grad tilpassast og tilretteleggast. utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe deg bustad på eiga hand.Det blir stilt krav om at du inngår avtale med Sula kommune om oppfølging av burettleiar.Korleis søke?Fyll ut søknadsskjemaDu kan få hjelp til å fylle ut skjemaet i Servicetorget på rådhuset i Sula kommune.SøknadsfristSøknadane blir behandla fortløpande.Pris Husleige for kommunale gjennomgangsbustadar 2021 Adresse Husleige pr. mnd Hølevegen 35 9 304,00 Hølevegen 37 9 304,00 Hølevegen 39 9 304,00 Hølevegen 41 9 304,00 Hølevegen 80 12 000,00 Djupdalen 62 5 400,00 Djupdalen 64 12 000,00 Nymarkvegen 46 og 48 6 800,00 Nymarkvegen 70 8 219,00 Kva skjer vidare?Om du får tildelt bustad, blir det inngått ein tidsbestemt leigeavtale mellom deg og Sula kommune. Ordinær varigheit for leige er 3 år.Det blir stilt krav om at du inngår avtale med Sula kommune om oppfølging av burettleiar. Det er venta at du sjølv aktivt prøver å finne annan bustad innan leigeavtalen gjeng ut.KlageDu har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.