Industri & service har eit mangfald av oppgåver. Arbeidstakarane driv med vedkløyving og dei produserer opptenningsbrikettar. Vidare driv dei med småsløyd, som produksjon av fuglehus, humlekassar og andre nyttige ting. Alt kan kjøpast i senteret sin butikk, Kort & Godt.
Avdelinga har også delproduksjon til større bedrifter. Arbeidstakarane lagar mellom anna «jordlisser» for Sperre industrier, og er såleis med på å utruste små og store skip med delar i elektroskap. Fleire av arbeidstakarane ved avdelinga er aktive både med jobbfrukt og hjelpemiddelhandtering.
Avdelinga gir i tillegg tilbod om fysisk trening gjennom uteaktivitet/turdag.
Kontaktinformasjon
Sølvi Dahle
Telefon: 70197941
E-post: solvi.dahle@sula.kommune.no
Edith Karin Kalvøy
Telefon: 70197941
E-post: edith.karin.kalvoy@sula.kommune.no
Anja Heggdal Røst
Telefon: 70197941
E-post: anja.heggdal.rost@sula.kommune.no