Om ossLytt til tekstenStopp avspillingMolvær senter - ein møteplass for arbeid, læring og aktivitet. Om senteret Molvær senter gir tilbod til mennesker med nedsett funksjonsevne. Senteret har fleire avdelingar med stor variasjon i oppgåver og aktivitetstilbod. Vi har ein sentral funksjon i kommunen si handtering av hjelpemiddel og vi har ansvar for Jobbfrukt. Molvær senter har som målsetting å være ein stad der arbeidstakarane skal ha ein meiningsfull kvardag, med tilrettelagte oppgåver og aktivitetar. Vi legg vekt på trivsel og personleg utvikling. I tillegg til produksjon i avdelingane, har vi tilbod om fysisk aktivitet, som dans, musikk og turar i nærmiljøet. Vi har sommar- og julearrangement, aktivitets- og idrettsdag og andre "merkedagar" gjennom året. Velkomen til ein triveleg arbeidsstad i fine omgivnader. Korleis få tenesten? Søknadsskjema Fyll ut søknadsskjema og send det til Tiltakskontoret i Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg. Du kan også levere det i Servicetorget på rådhuset. Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla etter kvar som dei kjem inn.