K-sak 2012-039, kommunedelplan avløp, rullering
Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.
Vurdering (utsnitt)
Etter at kommunedelplanen for avløp var ute til høring våren 2011, har prosjektgruppa for avløpsplanen valt å utrede eit alternativ til, - strategi 4.
Asplan Viak har etter en kost/nytte vurdering konkludert med at Sula bør legge strategi 1 til grunn for det vidare arbeidet med avløpshandtering. Strategi 1 inneber at ein rustar opp eksisterande reinseanlegg RA1 i Langevåg, RA2 i Djupvikstranda (samt forlengjer utsleppsleidningane), bygger nytt reinseanlegg RA4 på Sunde og Slamavskiljar ved U3 Eikrem og U11 Sulebust. Denne løysinga vil koste anslagsvis 3,49 millionar kroner i årlege utgifter.
Strategiane som er utarbeidd inneheld også midlar til separering og forbetring av eksisterande nett. Andre alternativ peika seg ut som best ut frå omsyn til brukarinteresser og kvalitet på resipient, men kostnadsberekningane og det at kommunen har fleire viktige oppgåver innan avløpssektoren som bør prioriterast (jf. kap. 10 Tiltak) vart avgjerande for denne tilrådinga.
Prosjektgruppa har delteke i prosessen med konklusjonen ovanfor, og er einige med Asplan Viak i denne anbefalinga. Prosjektgruppa vurderer at strategi 1 er best i forhold til reinkost/nytte vurdering. Å forlenge utsleppsleidningane slik dei kjem ned på større djupne lar seg gjere reint teknisk, anten med ei sjølvfallsleidning eller ein pumpestasjon. Ei slik forlenging av avløpsleidninga vil også redusere faren for forureining av sjøvassinntaka for bedriftene i området rundt U2. Prosjektgruppa meiner at usikkerheten rundt utslippet U2 er viktig å ta omsyn til. Det enklaste er då å forlenge utsleppsleidninga. Sjølv om resipienten ved U2 er klassifisert som god, er det eit alternativ å sjå framover og anta at strengare krav kan føre til at vi må gjere noko med RA2 og RA1 ein gong i framtida. RA1 ligg i eit sentrumsnært område der brukarinteressene er mange. Sentrum vil etter kvart krype vestover mot Molvær og då vil ein reinsestasjon legge beslag på mykje areal som kunne vært nytta til andre formål. No slit vågen utanfor sentrum med høg bakterievekst grunna at utsleppet er så nær. Det kan løysast ved å flytte RA1 til ein ny reinsestasjon lengre vest i Æhammarsvika, noko som blir belyst i strategi 1a. Ved å flytte RA1 frigjer ein areal med sentrumskvalitetar og ein får utsleppet vekk ifrå Geilneset og vågen. Ein unngår då eit bygg med reinseanlegg nært barnehage, skule og busetnad. Geilneset kan då opparbeidast til å bli eit friområde med badestrand midt i sentrum.
Befolkninga i Langevåg reknar ein med skal fordoblast i løpet av 30 år. Å ruste opp RA1 held mål no når ein snakkar om å tilfredstille primærreinsekravet, men når det kjem krav om strengare reinsing, vil ikkje det eksisterande bygget i Geilneset være stort nok. Sanerer vi reinseanlegget på Geilneset, bygg ein pumpestasjon der og etablerer eit nytt reinseanlegg i Æhammarsvika vil ein ta omsyn til ny befolkningsvekst som mest sannsynleg vil kome vest for Rotene og utover. Då kan ein etablere ei sjølvfallsleidning heile vegen ut til Æhammarsvika og ein slepp å gå via ein pumpestasjon i sentrum. Utsleppsleidninga som vil bli lagt ut på større djupne i samband med strategi 1, kan ved bygging av eit nytt reinseanlegg i Æhammarsvika på eit seinare tidspunkt kunne nyttast som pumpeleidning dit. Ei løysing med å flytte RA1 og utbetre RA2 vil koste anslagsvis 4,38 millionar kroner i årlege utgifter.
Strategi 4 inneber å overføre U2 til Storfjorden og utbetre RA1. Strategi 4 gjer at ein er føre var og unngår å måtte utbetre tre pumpestasjonar istadenfor to (RA1 og RA14) ved krav om sekundærreinsing seinare. Fleire pumpestasjonar i overføringssystemet mellom U2 og U4 fører til at partiklane blir meir malt opp og vanskelegare å sile ut, men det lar seg løyse reint teknisk med å installere finare siler i reinseanlegget på Sunde (RA14). Samtidig løyser ein problematikken rundt brukarinteressene som er sårbare ved driftstans og drift med reint overlaup frå RA2. Ei løysing med å utbetre RA1 og overføre U2 til Storfjorden vil koste anslagsvis 4,97 millionar kroner i årlege utgifter. Ei løysing med å flytte RA1 og overføre U2 til Storfjorden vil koste anslagsvis 5,9 millionar kroner i årlege utgifter.
Ved å fokusere på separering av leidningsnettet og sanering av direkteutslepp rundt Veddevika for å få abonnentane tilknytt RA2, meiner vi det vil forbetre situasjonen mykje i samband med utslepp U2. Ved val av strategi 1 bør det arbeidet ha høgste prioritet. Tilstanden rundt RA1 og RA2 vil bli langt betre enn i dag (og tilstanden under resipientundersøkingane i 2004), med nye silanlegg som oppfyller primærreinsekrav og alternativet med utsleppsleidningar i djupare lag (jf. delrapport leidningsanlegg). Utbygging av RA4 (Sunde) er med i alle strategiane. For RA4 kan ein kanskje tenke å bygge stort nok for framtidige reinsekrav evt. tenke moglegheiter for tilbygg. Levetida for eit silanlegg er sett til 15 år.
Administrasjonen har etter en kost/nytte vurdering konkludert med at Sula Kommune bør legge strategi 1 til grunn for det vidare arbeidet med avløpshandtering. Dersom kommunestyret går for ein strategi der RA2 utgår, rår ein til at ein går for strategi 4.
K-039/12 Vedtak:
«Kommunestyret godkjenner strategi 4 som grunnlag for ferdigstilling av kommunedelplan for avløp. Strategi 4 inneber at ein ruster opp eksisterande reinseanlegg RA1 i Langevåg og forlenger utsleppsleidningen til nordaust for Æhammarsvika, overfører U2 til nytt reinseanlegg RA14 ved Sunde og etablerer slamavskiljar ved U3 Eikrem og U11 Sulebust. Det er viktig at arbeidet med tilkopling til avløpsleidning held fram slik som skissert i planen. Det er viktig å ta omsyn til vanndirektivet sine krav til miljøtilstand og til fiskeindustrien ved prioritering av stader for sanering.
Realisering av tiltaka i planen vert å drøfte og vedta i samband med årleg behandling av budsjett og aktivitetsplanar.
På same måte vil detaljar rundt lokalisering av einskilde tiltak kunne drøftast i eigne saker».