Når blir avfallet mitt henta?

Renovasjonskalenderen har blitt heildigital. Det betyr at du ikkje lenger får ein fysisk kalender i posten, men kan finne hentetider på Attvin sine heimesider.

Du finn hentedagar for din husstand på Attvin sine nettsider (NB! Du må skrive inn adressa di i søkefeltet øvst på sida) .

Du kan også laste ned appen Min Renovasjon, der kan du få hentekalender, varslingsteneste, sorteringsinfo og anna informasjon knytt til eigendommen din rett på telefonen.

Om du vil ha tilsendt kalender kan du ta kontakt med Attvin, eller du kan stikke innom Innbyggartorget på Rådhuset så hjelpe vi deg med å skrive ut ein kalendar for akkurat din husstand.

Kontakt

Attvin (tidlegare Årim)
E-post
Telefon 70 31 41 00
Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss