Psykiatrisk sjukepleiarLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi?Psykiatrisk sjukepleiar et knytt til helsesjukepleiartenesta og arbeider inn mot ungdom i ungdomsskulen, ungdom i vidaregåande skule, samt helsestasjon for ungdom (HFU). Tenesta gjeld for ungdom opp til 18 år alder. Gjennom HFU kan også ungdom over 18 år be om samtale med psykiatrisk sjukepleiar.Psykiatrisk sjukepleiar gjr eit tilbod til ungdom der helsesjukepleiar opplev at ungdomen treng noko meir enn det helsesjukepleiar kan tilby av støttesamtalar i høve til vanskelege tankar og kjensler, og/eller behandling i høve til lettare depresjonar og angst. Psykiatrisk sjukepleiar gir råd og rettleiing til ungdommen sine føresette og samarbeider med personar som har viktige roller i livet til ungdommen.Psykiatrisk sjukepleiar samarbeider og rettleier helsesjukelpeiarar i deira arbeid med psykisk helse.Psykiatrisk sjukepleiar har fast samarbeid med kommunepsykolog og psykisk helseteam i kommuna og ungdomslos.Korleis få tilbodet?Oppdrag til psykiatrisk sjukepleiar meldast på bestillingsskjema.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Lover og reglarLov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)