Hasjavvenningsprogrammet (HAP)
Metoden er utarbeidd av Thomas Lundkvist og Dag Ericsson i 2007 og er basert på de ulike fasane ein hasjmisbrukar gjeng gjennom når han sluttar å røyke hasj, og teknikkar som kompenserer for svikt av dei kognitive funksjonane.
- Å hjelpe og legge til rette for at du skal oppnå hasjfriheit
- Gi kunnskap som kan brukast i prosessen for å oppnå hasjfriheit.
- Gi auka kunnskap om cannabis.
- Individuell oppfølging over 8 - 10 veker
- Vi møtast 2-3 gonger i veka
- Tilbod om tilbakefallsførebyggjande samtaler etter programslutt
- I samarbeid med deg kan vi også legge til rette for andre kurs eller anna oppfølging
Parallelt eller som eit alternativ til hasjavvenningsprogrammet anbefalar vi at du brukar HAP-appen. Denne appen er meint som eit hjelpemiddel for deg som ønsker å slutte med, eller ta en pause frå cannabisbruken din. Den kan også vere til hjelp om du ønsker å redusere bruken din. Appen gir dagleg verdifull kunnskap, påminningar oppmuntringar og oversikter som kan bidra til at slutteprosessen blir enklare. Last ned:
Korleis få tilbodet?
Du kan ta kontakt med ruskonsulenten telefon 41 38 75 41 eller NAV Sula på 55 55 33 33
Sist endra 27.01.2022 13.13