Sula kommune

Kommunepsykolog

Kva tilbyr vi?

Samtalebehandling ved psykiske utfordringar. Enkel utredning retta mot enkeltindivid eller grupper. Kommunepsykologen har kontor på kommunelegekontoret i Sula.

Kven kan få tilbodet?

Alle som har behov for samtalebehandling eller utredning. Kommunepsykologen er og tilgjengelig for alle fagpersoner i kommunen for drøfting,veiledning og rådgivning.

Korleis få tilbodet?

Du kan be fastlegen, helsesjukepleiar, tilsett ved NAV, lærar eller andre du er i kontakt med om å sende ei kort henvising til kommunepsykologen.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva skjer vidare?

Kommunepsykologen sender innkalling til time i posten. Vi gjer merksam på at det for tida er litt ventetid, under finn du nokre lenker til sjølvhjelp. Du kan også ringe Mental Helse sin hjelpetelefon 116 123.

Kontakt

Trine Giske
Kommunepsykolog
Telefon 70 19 91 60

Adresse

Stadsnesvegen 9b

6030 Langevåg

Opningstider

Kontortid

Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid

Kvardagar 09:00 - 15.:00