MøteplassenLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi? Møteplassen er ein arena for sosialt fellesskap og aktivitet for personar som opplev å ha psykiske vanskar. Vi tilbyr ulike arenaer for aktivitet og sosialt fellesskap. Måndagar: Rask turgruppe for personar i god fysisk form Tysdagar: Lengre turgruppe der fellesskapet står i sentrum Onsdagar: Møteplassen – sosial samlingsstad Torsdagar: Spasertur Tilboda er tiltak for å betre psykisk helse gjennom å vere fysisk aktiv, ha meiningsfull aktivitet å gå til, kome i kontakt med andre i same situasjon, samt motvirke isolasjon og einsemd. Vi legg vekt på brukarinvolvering, tilbodet kan difor variere i innhald. Smitteverntiltak i høve korona gjer at enkelte tilbod utgår i periodar. Ta kontakt med tenesta for oppdatert informasjon. Kven kan få tilbodet? Personar som opplev å ha psykiske vanskar. Korleis få tilbodet? Ein kan sjølv søke om å få tenesta på skjema Søknad om omsorgstenester eller ta direkte kontakt på telefon. Kva kostar det? Sjølve tilbodet er gratis, men om du vel å ta del i måltid eller turar må du betale kostpengar og billettar. Kva skjer vidare? Søknadar vert behandla fortløpande når dei kjem inn, det blir gjort enkeltvedtak i kvar sak. Klage Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.