Sula frivilligsentral skal stimulere til auka frivillig aktivitet i heile kommunen, først og fremst ved å tilretteleggje for at lag, organisasjoner og einskildpersoner tar på seg oppgåver i nærmiljøet og utfordre til slikt engasjement.
Frivilligsentralen
- skal bidra til å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn
- skal vere eit kraftsenter og kontaktpunkt for menneske, foreiningar/lag og det offentlege med formål å vere ein katalysator for frivillig samarbeidsaktivitet, for eksempel av kulturell art, men også på andre område.
- er eit bindeledd mellom personar og organisasjonar som ønskjer å yte ein ubetalt innsats og andre personar og organisasjonar som ønskjer å motta ein slik innsats.
- skal ta initiativ til, mobilisere og samordne frivillig aktivitet i tråd med frivilligsentralens føresetnader og behov i kommunen og utvikle verksemda ytterlegare.
- vil prøve å tilretteleggje møteplass som kan tene til å stimulere til frivillig aktivitet, ein møteplass for alle med interesse for frivilligheit, inklusive personar utan organisasjonstilknyting.
- skal vere ein ressurssentral for frivillig arbeid i Sula kommune overfor personar og organisasjonar innanfor eit breitt felt, eksempelvis kulturelt, sosialt og praktisk.
- vil leggje vekt på eit samspel mellom frivillig og offentleg innsats på område det er naturleg å samarbeide om
Frivilligsentralen er administrert under Langevåg Røde Kors