Sula kommune

Kontantkassa.no / Aktivitetstilskot - inkludering i organisert fritidsaktivitet

Kontantkassa er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal idrettskrets, GjensidigeStiftelsen og Sula kommune. Aktivitetstilskotet er eit reint kommunalt tilskot. Føremålet med begge tilskotsordningane er at alle barn og unge skal få moglegheit til å delta i ein fritidsaktivitet.

Målgruppe

Tilskotet er særskilt innretta mot barn og unge mellom  6 og 18 år (med bustadadresse i Sula kommune) som av økonomiske årsakar ikkje får delta i organiserte aktivitetar.

Kva kan det søkast støtte til?

På vegner av barnet/ungdomen:

  • kontingent, samlingar, cupar, turar.

Det kan søkast om inntil kr 5000,- pr. person i året.

  • organisasjonen kan også søke støtte frå aktivitetstilskotet til innkjøp av utstyr til utlån og andre inkluderingstiltak innanfor målgruppa. 

Kven kan søke?

Alle lag og organisasjonar som har organiserte fritidstilbod til barn og unge i Sula kommune kan søke.

Det blir ikkje utbetalt pengar til enkeltpersonar. Barnet/ungdomen eller føresette kan ikkje søke sjølve, men kan søke i samarbeid med laget/organisasjonen. 
Lærarar, helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar, lagleiarar, trenarar med fleire, kan i samarbeid med barnet/ungdomen kontakte lag og organisasjonar.

Tilskotet går direkte til organisasjonen/laget/foreininga for å dekke utgifter.

Krav til søkar

Søkar må vurdere om familien er i ein slik situasjon at bidrag frå Kontantkassa/aktivitetstilskotet vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Tilskotet skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har generelle utfordringar med å drive inn kontingentar. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande.

Den som søker har ansvar for å følge opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt støtte til. Med dette meiner vi at at den som søker må hjelpe barnet til å huske på/komme seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må følge barnet på aktivitetane. 

Korleis søke?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast, og det kan søkast fortløpande gjennom året, men innan 1. desember.

Kontakt

Ingunn Krosby
Einingsleiar for kultur
E-post
Telefon 70 19 95 99
Mobil 415 26 261