Sula kommune

Piano

Piano er eit allsidig instrument både for solospel og i samspel med andre instrument.  
For pianoundervisninga legg vi vekt på både samspel og ein god balanse mellom spel etter noter, gehør/improvisasjon og besifring.  I løpet av dei tre fyrste åra gis derfor eit einhetleg opplæringstilbod til elevane på piano/keyboard.  Det vil gje eit godt grunnlag for vidare løp både innanfor rytmisk og klassisk sjanger. 
Formidling har ein naturleg plass i den treårige progresjonen for alle piano/keyboardelever. Det legges derfor vekt på formidlingsaspektet både i samspel og aleine.  Ein piano/keyboard- elev ved Sula Kulturskule skal etter tre år med undervisning føle seg trygg i og ha opparbeida gode grunnkunnskaper.

Kontaktinformasjon