Sula kommune

FAQ: Ofte stilte spørsmål

FAQ: Ofte stilte spørsmål

Har de ledige plassar?

Ja, vi har fleire ledige plassar!
Du finn oversikt over ledige plassar her

Kan eg ha fleire plassar?

Ja!

Kva er søknadsfristen?

Kulturskulen har to hovudopptak i året. Søknadsfrist for hovudopptaka er 20. mai og 10. desember.

Vi tar også opp elevar gjennom heile året tildeler plass så snart der blir noko ledig på eit av tilboda.  

Du kan søke plass her

Kva er aldersgrensa for å søke?

Tilbodet gjeld frå og med 1. klasse.

Har kulturskulen friplassar?

Sula kommune har to ordningar for inkludering i organisert fritidsaktivitet, Kontantkassa og Aktivitetstilskot

Her finn du meir informasjon om,  og søknadsskjema til ordningane. 

Korleis er prosedyren ved opptak?

Opptak

Kulturskulen har to hovudopptak i året. Vi tar også opp elevar gjennom heile året tildeler plass så snart der blir noko ledig på eit av tilboda.  

Prosedyrar for elevopptak

  • Hovudopptaka vert gjennomførte i juni og desember kvart år.
  • Rektor har ansvar for opptaket.
  • Søkaren skal få skriftleg tilbakemelding seinast 1. juli og 20. desember. 
  • Søkarar som ikkje får plass ved hovudopptaket blir sette på venteliste 
  • Søkarar på venteliste får tilbod om plass når det vert ledige plassar. Prioriteringa skjer etter ansiennitet på ventelista og alder. 
  • Søkarar med spesielle behov og søkarar med ansiennitet frå andre kulturskular kan prioriterast etter søknad.  
  • Søknaden er bindande ved opptak. Utmelding må skje skriftleg til administrasjonen med frist 10.12 for vårsemesteret og 20.05 for haustsemesteret.
  • Søkjarar som får tildelt plass får skriftleg informasjon om fast tidspunkt og plass for undervisninga, tid for første oppmøte og namn og telefonnummer til læraren.
Er det mogleg å leige instrument og kva kostar det?