Kva tilbyr vi?
Fritidsklubb med kiosk, film, musikk og ulike aktivitetar frå september til mai. Ope i haust- og vinterferie.
Måndag:
kl. 16.00 - 19.00 JuniorDonken for 7. klassingar
kl. 19.00 - 22.00 frå 13 - 20 år
Onsdag:
kl. 14.30 - 19.00 frå 13 - 20 år. Lekser, felles middag og ulike aktivitetar.
kl. 19.00 - 22.00 frå 13 - 20 år
Fritidsklubben driv kafè på UKM og LAN-party, og arrangerer rusfritt julebord for medlemmane.
Klubben og utekontakten samarbeidar årleg om alternativ feiring av 16. mai.
Av og til drar vi i større eller mindre grupper på t.d. bowling, kino, teater og sommartur.
Kven kan få tilbodet?
Ungdom mellom 13 og 20 år.
7. klassingar er velkomen til JuniorDonken på måndagar frå kl. 16.00 - 19.00
Korleis få tilbodet?
Du kan møte opp på klubben eller ta kontakt med Tone eller Camilla, som du finn i kontaktfeltet under.
Kva kostar det?
Det er gratis inngang på Donken.