Kva er ein musikkbinge?
Ein musikkbinge er eit komplett øvingslokale for lokale. Musikkbingen er lydtett og godt utstyrt. Sula kommune har to musikkbingar, ein ved Måseide skule og ein ved Langevåg skule.
Kven kan bruke musikkbingane?
Lokale musikarar i alle aldrar. Grupper og enkeltpersonar. Ein må vere over 18 år for å kunne skrive under, om den som skal bruke musikkbingen er under 18 år, må kontrakta underskrivast av ein føresett.
Opningstider
Musikkbingane er opne 16:00 - 22:00, måndag til fredag. Dei er stengt i juli og på høgtidsdagar.
Korleis søke?
Søk om øvingstid i musikkbinge
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 15. juni kvart år. Om der er ledige tider etter hovudtildelinga er gjort, vil søknadar bli behandla fortløpande.
Pris
Tenesta er gratis for dei under 18 år. For vaksne er prisen kr. 1200,- pr. halvår. Ved tap av nøkkel må du betale kr. 250,-.
Praktisk informasjon
Det er Servicetorget som tildeler øvingstider og utsteder kontraktene, det er også i servicetorget du får utdelt nøkkel.
Retningslinjer