UngdomsrådetLytt til tekstenStopp avspillingRådet har 14 faste medlemmar og består av ungdom frå 13 til 20 år frå forskjellige miljø i kommunen. Ungdomsrådet skal være eit talerør for ungdom i Sula. Rådet har fast plass i kommunestyret og har talerett, men ikkje røysterett. Ungdomsrådet engasjerar seg i rusfrie arrangement som konsertar, discotek, dataparty og alternative feiringar på 16. mai og natt til 1.mai. Ungdomsrådet samarbeider mellom anna med utekontakt, fritidsklubb og andre etatar. Ungdomsrådet er aktive medspelarar i MOT, og er med på mange store arrangement i samarbeid med MOT.