Utekontakten

Utekontakten er ein ansvarleg vaksenperson som du kan snakke med.

Kva tilbyr vi?


Vi driv oppsøkande teneste med hovudvekt på førebyggande ungdomsarbeid.
Tenesta samarbeidar med dei øvrige kommunale tenestene for unge.

Her treffer du utekontakten

Måndag: oppsøkande arbeid, etter skuletid m.a. på Moa og på kvelden på Donken fritidsklubb.

Tysdag: leksegruppe på Sula ungdomsskule, i samarbeid skulen. 

Onsdag: ettermiddagstilbod på Donken fritidsklubb

Fredag: oppsøkande i matfri på Sula ungdomsskule og trefftid kontor på rådhuset kl. 12.00 - 15.30. 

Vi arbeider med ungdom i gruppe, er på hybelbesøk, yter praktisk hjelp og støtte og vidareformidling til andre hjelpetiltak.
Utekontakten samarbeider med ungdomsrådet om ulike rusfrie arrangement, som til dømes UKM og LAN. 

Kven kan få tilbodet?

Utekontakten er et frivillig tilbod og du bestemmer sjølv om du vil ha kontakt med oss.
Tilbodet er til ungdom opp til 23 år. 

Korleis få tilbodet?

Ring, send SMS eller e-post, eller kom innom der Tone og Camilla er. 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis

Kva skjer vidare?

I samarbeid med ungdomen kan utekontakten vidareformidle til andre hjelpetiltak i kommunen. 

Utekontakten har teieplikt. Det betyr at du kan snakke med utekontakten utan at det blir fortalt vidare til nokon.
Men, det kan hende at det du fortel er så alvorleg at vi må fortelle det vidare til andre som kan hjelpe. Du vil først få beskjed. 

Nyttige lenker

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)