Sula kommune

Økonomisk kompensasjon for lokale bedrifter ramma av pandemien

Utvida søknadsfrist til 28. februar 2022

Sula kommune er tildelt midlar avgrensa til om lag kr. 446.000 som skal nyttast til kompenserande tiltak, og fordelast på aktuelle søkarar som kan dokumentere bortfall av inntekter, eller vesentlege ekstra kostnadar som følge av pandemien.

Målet med eit slikt tilskot er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal primært kompensere lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Dette gjeld særleg støtte som bidreg til å kompensere for verksemdene sine kostnader eller bortfall av inntekter som følge av smitteverntiltak, nedstenging og andre relevante tiltak. Eksempel på verksemder som fell innafor ordninga kan være reiselivs-, arrangement-, serveringsnæringane og andre som av ulike grunnar fell utanom generelle kompensasjonsordningar.

Søkar må dokumentere bortfall av inntekter / meirkostnadar ved gjennom å beskrive situasjonen, dokumentere konsekvensar gjennom vedlegg av budsjett og rekneskap for 2020, samt budsjett 2021 og siste avlagte rekneskapsrapport til dømes 3 kvartal 2021.

Søknadsfrist: 28. februar 2022

Søknad om støtte sendast via regionalforvaltning.no

Kontakt

Arne Mehl
Seniorrådgjevar
E-post
Telefon 952 50 120
Mobil 952 50 120