Fellingsavgift for hjort

Heimel for vedtaket er Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort, §§ 1 – 5.

For felling av hjort skal det betalast ei fellingsavgift pr. stk. som følgjer Direktoratet for naturforvaltning sine maksimalsatsar. Fellingsavgifta blir krevd inn av landbrukskontoret

Driftsfond

 Inntekter frå fellingsavgift for hjort går til eit bunde driftsfond som kommunen forvaltar til viltformål.

 Fondet skal brukast til

  • Tiltak for å fremme viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet,  jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommunar gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen sjølv.
  • Å dekke kommunens utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
  • Tiltak for å førebyggje skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt.

Fondet skal ikkje brukast til 

  • Kommunal administrasjon av viltforvaltning (faste utgifter til løn, møtegodt-gjersle, reiser m.m.)
  • Å erstatte skader voldt av vilt
  • Skotpremie

 Fellingsavgifta skal gjelde for vald som er godkjent av kommunen, sjølv om valdet omfattar areal i nabokommunar. Dersom valdet omfattar fleire kommunar, skal inntektene årlig fordelast mellom kommunane i same forhold som fordeling av teljande areal.