Sula kommune

Barn med nedsett funksjonsevne - 19g

Kva er nedsett funksjonsevne?

Kommunen skal ifølge barnehagelova § 19 g sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.

Barn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller fått skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vere nedsett bevegelses-, syns- eller hørselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjerte- og lungesykdommer.

Ein må avgrense det mot forbigåande forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrer åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

Kven har rett til tilrettelegging?

Foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging av tiltak som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjere seg barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje også vert søkt om spesialpedagogisk hjelp. Kommunen skal etter søknad fatte vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne og foreldre har klagerett på vedtaket.

Hensikta med tilrettelegging

Sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfatter ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Ved vurdering av om tilrettelegging inneber ei uforholdsmessig byrde, skal det særleg bli lagt vekt på om tilrettelegginga har effekt for å nedbyggje funksjonshemmande barrierar, dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga og einingane sine ressursar.

Tilrettelegginga skal bidra til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphaldet i barnehagen. Tilskotet kan m.a. nyttast til at barnehagen har nødvendig utstyr, støtte til bygningsmessige endringer, støtte til ekstra bemanning, rettleiing eller andre tiltak. Viser til barnehagelova med foreskrifter og årlege rundskriv om dette.

Organisering av tilrettelegging

Eksempel på tilrettelegging kan vere at kommunen sørger for at barnehagen har det nødvendige utstyret, gir støtte til bygningsmessige endringar, støtte til ekstra bemanning eller andre tiltak. Barnehagen må sørge for tilsetting av ekstra bemanning dersom dette vedtas. Kommunens plikt til rettelegging er begrensa til tilrettelegging som ikkje inneberer ei uforholdsmessig byrde. I slike tilfeller kan barnet eventuelt bli tilbydd plass i ein anna barnehage som har betre tilpasning.

Korleis søke - saksgang

Føresette og/eller barnehagen tar initiativ til å vurdere om det skal bli søkt om tiltak for barn med nedsett funskjonsevne. I kommunen jobbar vi saman med barnet og familien gjennom BTI – Betre Tverrfagleg Innsats, for å finne fram til gode løysingar når det oppstår uro for eit barn. DIPS stafettlogg er eit av verktøya i BTI og blir nytta i samband med søknad og etter samtykke frå føresette.

Styrar/pedagogisk leiar fyller ut skjema  «Kartlegging 19g» for å vurdere behov for tilrettelagt barnehagetilbod. Skjema vert gjennomgått med føresette. Dersom det ikkje er mogleg for barnehagen å sette inn tiltak innanfor det ordinære tilbodet, informerar styrar/pedagogisk leiar om moglegheita for å søke tilrettegging for barn med nedsett funksjonsevne.  Føresette søker via Sula kommune si heimside.  Skjema «kartlegging 19g» skal alltid ligge ved søknaden.

For at behandlingstida skal bli så rask og effektiv som mulig, må tilstrekkeleg dokumentasjon på barnets nedsette funksjonsevne  bli lagd ved søknad (saman med skjema «19g kartlegging»). Dokumentasjon kan vere frå lege, fysioterapeut, spesialisthelseteneste, PPT. Søknader blir behandla kontinuerlig.

Tilrettelegginga er ikkje utviklingsorientert, den skal kompensere for den nedsette funksjonsevna.

Søknadsskjema for føresette

Vedtak

Vedtaket blir fatta av kommunen. Vedtak blir så sendt til føresette, med kopi til elevmappa, barnehagen og PPT.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg eller ved sikker e-post via Sula kommune si heimside. Dersom vedtaket blir oppretthalde, kan føresette sende klaga vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Lover og reglar

Lov om barnehage § 19

Kontakt

Lindis Akslen
Einingsleiar, Tiltakseining for barn og unge
E-post
Mobil 926 43 295