Sula kommune

Arbeid med psykisk helse

Sunde barnehage følger Sula kommune sitt årshjul for arbeid for god psykisk helse i barnehagen. Tema tek tak i det nære og det å vere eit barn og menneske i ein samanheng.

I kalenderårsplanen vår har vi fordelt dei ulike sirklane på dei ulike månedane. For dei små barna er det dei nære ting som er viktigast, ved å ha trygge dager med god tilknytning til foreldre og dei vaksne i barnehagen skapast eit godt grunnlag. Så vil positivt sampel med vener og å fungere godt i lag med andre bli viktigare og viktigare jo eldre barna blir.

Sunde barnehage vil fortsatt bruke programmet Grøne tankar, glade barn. Dette opplegget gir barna kunnskap om ulike følelser og korleis kjenne dei att, og evt få hjelp om følelsane blir så sterke at det kan bli vanskelig.

Les gjerne på lenka om opplegget. Her er også digitale spel som er til passa barn i barnehagealder:

 

Grøne tankar - glade barn