Vi startar året med å gå nær oss sjølv, og bli kjent med oss sjølv. Korleis ser eg ut? Kva er likt mellom meg og deg? Kva
eg å leike med? Kvar bur eg? Kven er i min familie? I denne perioden er det viktig for oss i barnehagen også å bli kjent med barn og foreldre. Fokuset ligg også på å vere ein god leikekamerat.
Å bli kjent med seg sjølv og forstå at vi alle er ein del av eit fellesskap er viktig lærdom. Her vert den viktige sjølvkjensla til barna bygd. Det å orientere seg i gruppa, lære å ta hensyn til andre, og likevel hevde seg sjølv, slik ein kan ta for seg av dei gode opplevingane livet gir, er viktig.
Dei ulike barna møter tema på ulik måte. For 1-2 åringen er det viktig å lære namn, omgrep på kroppsdelar, oppdage dei andre på avdelinga, lære å dele på leiker, tøyse, synge og leike i lag.
For dei litt eldre kan samtale om dette vere fint. Vi bruker Grøne tankar - glade barn for å snakke om kjensler. Barna får veiledning i leik.