MoTo- Motorisk leik og læring
Barna i Sunde barnehage elsker å vere i aktivitet! Så gøy - og så viktig.
MoTo-leik er eit systematisk, lokalprodusert opplegg for å fremme god fysisk og motorisk helse og utvikling i barnehagen. Opplegget er utvikla og produsert av fysioterapeut, ergoterapeut, folkehelsekoordinator, rådgjevar for barnehagar og Molvær barnehage under utviklingsarbeidet To Fram i Sula kommune. Sula har også samarbeidd med Giske kommune om dette.
I Sunde barnehage har vi MoTo-leik kvar veke for alle barn. Den motoriske utviklinga for barn er viktig, og ofte ei forutsetning for ei generell god utvikling. Å bevege seg masse, gå tur og leike er jo suverent for den generelle fysikken vår, men ved å arbeide systematisk med fagleg funderte øvingar sikrar vi at alle barn er med og at vi øver heile kroppen.
Aktivitetane vi skal gjennomføre blir presentert på eigne aktivitetskort, og dei er sett i system gjennom eit årshjul. Bevegelsesglede og meistring er nøkkelord. Barna skal oppleve at det det er gøy å bevege seg, dei skal trives i aktivitetane, få oppleve nye ting og såleis få tryggleik i eigen kropp. Det skal ikkje vere fokus på prestasjon, som fortest, flest og mest - men glede og å ha det gøy!
HelseNorge gir nokre anbefalingar om fysisk aktivitet til barn, og dette kan vere greit for foreldre også lese på:
Fysisk aktivitet for barn i ulike aldere