FRILUFTSLIV I SUNDE BARNEHAGE
Sunde barnehage har eit ekstra friluftsfokus. Barnetalet i barnehagen er høgare i og med vi alltid har ei gruppe på tur, og er mykje ute. Vi leier areal på Sundsmyra til dette. Dette gir oss gode moglegheiter til å utforske naturen og friluftsliv. Barnehagen ligg også plassert slik at vi har god tilgang til skog, fjøre, gapahuk, idrettsanlegg og fjell - og ikkje minst utsikt til den vakre Hjørundfjorden.
Friluftsliv for oss i Sunde barnehage dreier seg mykje om å bruke nærmiljøet vårt. Dei enkle ting som å bevege seg i ulendt terreng, klatre i tre, rulle i graset. Bruke sansane våre, sjå vakre fjell og nervane i kronblada til ein blomst, kjenne på harde steinar og mjuk mose, høyre fuglekvitter og heilt stille, lukte på råtna tang og vått gras. Og i desse situasjonane ha med personale som er med på den undringa som skjer over naturen. Kva heiter den fuglen som kvitrar? Kvar bur mauren? Kvifor er fjøra større nokre dagar? Vi reflekterer og finn svara i lag.
Friluftsliv dreier sog også om å introdusere ulike teknikkar og utstyr, og kunnskap om desse. Kven, kvar og korleis kan ein tenne opp bål? Kva mat er godt å lage på bål? Kva må vere med i ein sekk når vi skal gå på tur? Kvar kan vi gå på do? Forstørrelsesglass er kjempespanande, det same er kikkert. Vi heng opp hengekøyer, sett opp lavvo, bygg gapahuk, lager balansetau og bruker kniv.
Friluftsliv skjer også inne og ute i barnehagen vår. Vi tek med snø og anna naturmateriale inn og forskar på dei. Teknikkane vi bruker på tur, kan ofte med fordel verte brukte og introduserte i barnehagen. På uteområdet kan vi bruke kart og orientere oss i etter det, finne ut om kart og terreng stemmer.
Digitalt utstyr er også blitt ein del av friluftlivet. Ulike kartfunkjsonar og opplagsverk vert nytta, og vi nytter blant anna digitalt mikroskop. Ein del av opplevinga er også å ta bilde på tur, og forsterke opplevinga, kunnskap og refleksjon ved å sjå på bilda i felleskap på lerret.
ORGANISERING, PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING AV FRILUFTSLIVSFOKUS
Friluftslivsfokuset vår er synleg i årsplanen med månadens friluftslivstema. Dette tema skal både småbarn og storbarn ha opplevingar rundt, og få kunnskap om. Dette vert konkretisert i 2 vekersplanane.
Hyppighet på tur varierer litt frå gruppe til gruppe og barnesamansetninga frå år til år. Alle i barnehagen skal på tur minst ein gong i veka. Alle frå 3 år skal vere 2-4 dagar på tur i veka. Innhald for tur skal skrivast på 2 vekesplanane. Vurdering skjer på leiar og avdelingsmøter, og årleg ved laging av ny årsplan.
Vi dokumenterer friluftslivsfokuset vårt ved å blant anna ta mange bilde. Nokre bilder legg vi ut på SoMe, andre printar vi ut og legg i barnepermane eller heng på avdelinga. Vi skriv opplevingane på dokumentasjonsveggen vår for å dokumentere fagområda i rammeplanen.