Kort fortalt
- Ein heil barnehageplass kostar 3 315,00 kroner per månad.
- Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen.
- Kostnad for mat kjem i tillegg.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familier med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.
- Eit vedtak om redusert barnehagebetaling gjeld for eit år av gangen. Ein må søke på nytt for kvart barnehageår.
Litt lengre fortalt
Prisar
Du betalar for elleve månader i året. Det er betalingsfri i juli. Barnehageplass betalast forskotsvis den 15. i kvar månad.
Open barnehage har eigne prisar.
Pass på å betale faktura for barnehagen, viss ikkje kan du risikere å miste barnehageplassen.
Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.
Redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt
Søskenmoderasjon
Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen betaler mindre. Det blir trekt 30 prosent frå månadsprisen for barn nummer to, og 50 prosent frå månadsprisen frå ytterlegare barn.
Det er ikkje nødvendig å søke om ordninga, men pass på at det er den same føresette som står oppført som "Føresett 1" på alle barn i opptakssystemet. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.
Skattefrådrag for utgifter til barnehage
Som forelder har du krav på frådrag for dokumenterte utgifter til barn i barnehage, ordninga gjeld om du bur saman med barnet.
Barnehagane er pliktige til å rapportere inn betaling for barnehageopphaldet til Skatteetaten.
Innrapportert beløp frå barnehagen viser i sjølvmeldinga som forhåndsutfylt beløp i post 3.2.10.
Sjå skatteetaten.no for meir informasjon.