Sula kommune

Søke, endre eller sei opp barnehageplass

Kort fortalt 

Litt lengre fortalt

Søke, endre eller sei opp barnehageplass

Viktig å vite før du søker
Søknad om barnehageplass

Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar.  
Du kan velge ni barnehagar i søknaden din. Prioriter barnehagane frå ein til ni, ved tildeling av plassar.

Du kan søke om barnehageplass i Sula kommune uansett kor i landet du bor, men barn som bor i Sula kommune blir prioritert.  

Søknadsfristen er 1. mars.

Du må logge deg inn via ID-porten. Hjelp til å logge på.

Du kan få hjelp til å fylle ut søknadskjemaet på Servicetorget på rådhuset i Sula kommune. Opningstida der er 08:00 til 15:30. Ta gjerne kontakt på telefon 70 19 91 00 på førehand for avtale tid. Hugs å ta med personnummer til deg og barnet/barna.

Takke ja til tilbod om barnehageplass

Du takker ja til tilbod om barnehageplass på same stad som du søkte om plass.

Lenke til å svare finn du på framsida når du har logga deg inn.

Du må logge deg inn via ID-porten. Hjelp til å logge på.

Bytte, endre eller sei opp barnehageplass

Bytte barnehageplass

Du kan søke om bytte til ein annan barnehage. Søker du om bytte vil barnet ditt automatisk få plass i ny barnehage når det blir ledig plass. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk oppsagt. Hugs at søknad om bytte er bindande.

Endre barnehageplass

Ønsker du å endre barnehageplassen (type plass) gjer du det på same staden som du søkte om plass. 

Logg inn med ID-porten, gå til fana min side og nedtrekkmeny og plasseringane mine. Der trykker du på søk om endra plasstype.

Sei opp barnehageplass

Ønsker du å sei opp barnehageplassen gjer du det på same staden som du søkte om plass. Det er kun den føresette som er registrert som føresett nummer 1 som kan sei opp plassen.

Du må logge deg inn via ID-porten. Hjelp til å logge på.

Slik blir plassane tildelt

Dei blir tildelt etter prioritet. Informasjon om opptakskriterier og prioriteringar finn du her. 

Kva om eg ikkje får plass i dei barnehagane eg har valt?

Du vil få tilbod om plass i ein annen barnehage.  Ver merksam på at det berre gjeld om du har svart ja på spørsmålet om du vil ha eit slikt tilbod i søknaden din.

Kva om eg berre ønsker å søke plass i barnehagar i nærområdet?

Då kan det ta lenger tid å få barnehageplass. Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantere eit tilbod i ein av dei barnehagane som du har prioritert.

Viss eg har fått plass i ein barnehage som eg ikkje har prioritert, kan eg stå på venteliste til den barnehagen eg har som 1. ønske?

  • Du kan takke ja til plassen, og samtidig stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgre.
  • Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. NB! Om du takkar nei, har du ikkje rett til eit nytt tilbod om barnehageplass.
Svar på søknaden

Om du søker barnehageplass innan søknadsfristen for hovudopptak, som er 1. mars, vil du få svar i slutten av mars eller starten av april.

Søker du etter 1. mars, vil du bli sett på venteliste og få tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.

Klage

Ønsker du å klage på barnehage opptaket finner du mer informasjon her.

.

Kontakt

Jeanette Reiten
Rådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 19 95 84
Fann du det du leita etter?