Kva tilbyr vi?
Psykososial rådgivar er knytt til PPT sitt førebyggande, pedagogiske og systemiske arbeid inn i mot familiar, barnehagar og skular. Stillinga inngår som supplement til eksisterande funksjonar i PPT og er ei satsing inn mot psykiske og sosiale tilhøve som er viktig for barn sin helse og mentale fungering.
Psykososial rådgivar skal ha fokus på tidleg og førebyggande innsats, og rettast mot barn sine oppveksttilhøve, heimeforhold, tilhøve i barnehage/skule, med råd og rettleiing til føresette, barn og personale i barnehagar/skular (primært på småskulesteget).
Psykososial rådgivar skal også bidra til å styrke barn og unge sine føresetnader for å handtere vanskelege tilhøve i eigen kvardag, både kognitivt og emosjonelt.
Kven kan få tilbodet?
Personale i barnehagar og skular (primært på småskulesteget), føresette og barn.
Korleis få tilbodet?
Psykososial rådgivar kan også medverke i saker som er meldt til PPT etter bestilling og drøfting i fagmøte. Fagleiar og psykososial rådgivar vurderer bestillingane.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Lover og reglar