Sula kommune

Psykososial rådgjevar

Kva tilbyr vi?

Psykososial rådgjevar er knytt til PPT sitt førebyggande, pedagogiske og systemiske arbeid inn i mot familiar, barnehagar og skular. Stillinga inngår som supplement til eksisterande funksjonar i PPT og er ei satsing inn mot psykiske og sosiale tilhøve som er viktig for barn sin helse og mentale fungering.

Psykososial rådgjevar skal ha fokus på tidleg og førebyggande innsats, og rettast mot barn sine oppveksttilhøve, heimeforhold, tilhøve i barnehage/skule, med råd og rettleiing til føresette, barn og personale i barnehagar/skular (primært på småskulesteget).

Psykososial rådgjevar skal også bidra til å styrke barn og unge sine føresetnader for å handtere vanskelege tilhøve i eigen kvardag, både kognitivt og emosjonelt.

Kven kan få tilbodet?

Personale i barnehagar og skular (primært på småskulesteget), føresette og barn.

Korleis få tilbodet?

Oppdrag til psykososial rådgjevar meldast på bestillingsskjema.

Psykososial rådgjevar kan også medverke i saker som er meldt til PPT etter bestilling og drøfting i fagmøte. Fagleiar og psykososial rådgjevar vurderer bestillingane.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Lover og reglar

Kontakt

Katrin Torben
Merkantil/kontor for PPT
E-post
Telefon 70 19 95 40

 

Send sikker post til PPT

Organisasjonsnummer: 975319202  

Synnøve Molvær Vågnes
Fagleiar, PPT
E-post
Telefon 70 19 95 43
Mobil 995 37 527
Hilde Heltne
Psykososial rådgjevar
E-post
Mobil 915 60 613