Aktivitetar
- Fjelldag
- Markadag
- Samlingsstunder
- Adventsstunder
- Grunnskulefest
- Karneval
- Båten/havet og folket
- Skulen- og elevens val
- Idrettsdag
Mangfald og inkludering
- Sosialt årshjul
- Mitt val
- Vi er medlem av leikepatruljen. Dette er med på å skape god leik i friminutta, og dei eldste får vere med på å bestemme og organisere. Dette ligg det mykje glede og god læring i.
Samarbeid til beste for barnet
- Betre tverrfagleg innsats (BTI)
- PPT er ein viktig støttespelar for skulen. PPT-kontoret held til i Langevåg, men vi har jamne møter på skulen, der vi kan samtale om utfordringar som skulen har. PPT si viktigaste oppgåve er å gje pedagogiske og psykologiske råd, særlig i høve til tilrettelegging av undervisninga for elevar med særskilde behov. PPT skal òg fungere som støtte i direkte kontakt med føresette, elevar og lærarar. Vår PPT vil også bistå med ulik grad av kartlegging om vi treng hjelp til det.
- Helsesjukepleiar. Vi har ein eigen helsesjukepleiar som er hos oss kvar fredag. Ho har kontor ved administrasjonen.
- Samba. Tverrfagleg samarbeid med foreldre som viktigaste samarbeidspart. Sula kommune ynskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til barn og familiar som av ulike årsakar slit i kvardagen. Vi tilyr SamBa (saman om barna). SamBa skal vere eit lavterskeltilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde inn behov for rettleiing.
- Skilsmissegrupper. I regi av helsesjukepleiar. Eit tilbod som rettar seg mot barn med to heimar
- BAPP-grupper. I regi av helsesjukepleiar. Eit tilbod som rettar seg mot barn med foreldre med psykiske vanskar eller avhengigheitsvanskar.
- Barnevern
Elev- og læringssyn
Elevsyn
- Alle elevane er unike og likeverdige
- Elevane skal møte tydelege vaksne og trygge rammer/struktur
- Alle elevar har ønske om og potensiale for læring, og skal få arbeide ut i frå sine føresetnadar
- Elevane skal få møte lærarar som stiller faglege og sosiale krav
Læringssyn
Overordna mål er å skape eit læringsmiljø prega av gode relasjonar og støttande kultur.
- Alle elevane skal oppleve meistring
- Tryggleik og trivsel skal vere i fokus
Medverknad for elevane
- Elevråd.
Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
- Elevsamtalar 2 gongar per år
- Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Klassekontakt
Tidleg kvar haust blir det i kvar klasse arrangert eit klasseforeldremøte. Om det ikkje har vore gjort før, skal det då veljast klassekontakter.
Klassekontaktene skal
- Planleggje foreldremøte saman med kontaktlærarane.
- Halde god kontakt med andre foreldre og formidle deira synspunkt og innspel inn mot lærarane og leiinga ved skulen.
- Møte i FAU og fremje foreldra sine interesser der.
Foreldra sitt samarbeidsutval (FAU)
Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.
FAU skal
- Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette.
- Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.
- Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule.
- Medverke til positiv utvikling av elevane.
- Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.
Samarbeidsutvalet (SU)
Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d:
- Forslag til budsjett.
- Verksemds-og utviklingsplan for skulen.
- Plan for samarbeid skule- heim.
- Skulevurdering.
- Planar for ombygging og vedlikehald.
- Skulen si informasjonsverksemd.
- Skuleskyss.
- Trafikktilhøve.
- Ordensreglement.