Fiskarstrand skule ligg på Fiskarstranda, sentralt i Sula kommune.
Visjon
Ved Fiskarstrand skule skal eg kjenne meg trygg og få oppleve gleda ved å lukkast.
Motto
Opp og fram i lag!
Dei sentrale verdiane til skulen
Omsorg – Samhandling – Engasjement - Nyskaping.
Om skulen
Skulen er ein fulldelt barneskule med ca 140 elevar, skulefritidsordning og eit personale som svarer til om lag 15 heile stillingar.
Skulen blei oppussa og utvida i 1996. Det blei mellom anna bygd ny gymnastikksal, og uteområdet blei utvida. I 2004 fekk skulen eit brakketilbygg. I 2011 skrella orkanen Dagmar av takpappen på den gamle delen av skulen. Vass-skadane var store, og dette resulterte i ei renovering av heile 2. etasje og deler av 1. Dei siste åra har elevtalet vore stabilt - ca 140 elevar fordelt på 1. - 7. trinn.
Utedagar
Dei yngste elevane har faste utedagar. Skulen har opparbeida eit flott uteområde i Veddemarka, 15 minutts gange frå skulen.
Dysleksivennleg skule
Fiskarstrand skule vart, vinteren 2017, sertifisert som dysleksivennleg skule. Dette viser seg igjen i lese-og skriveopplæringa for alle elevar ved skulen.
Fiskarstrand skule på Facebook