Sula kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon - Måseide skule

Bruk av læringsbrett heime og på skule

Tilgang til ikkje ønskja innhald på internett og nettvett

Når eleven er logga på skulen sitt nettverk, fungerer den vanlege brannmuren. Brannmurar og filter på dei forskjellige heimenettverka har skulen ingen kontroll over. Sula kommune har heller ikkje moglegheit til å skanne kvar einskild eining før/når den er logga på skulenettverket, og ønskjer det heller ikkje.

Synlege sikkerheitsbrot vert handtert fortløpande av skulen/kommunen. Skulen kan slette og reinstallere innhald på eininga jamfør kontrakt som er skrive med heimane.

Vi har fokus på å gje elevane digital danning gjennom haldningsskapende arbeid og opplæring i nettvett. Sula kommune har eit eige prosjekt som går på nettvett og som skal bu barna på å ferdast i den digitale verda, der barn og føresette har fått opplæring i kva nettvett/digital danning er.

Sula kommune har via eKommune Sunnmøre ein eigen profil som er lagt på alle læringsbrett. Denne profilen hindrar blant anna elevene frå å logge på App Store, iCloud, installere «public apps», slette alt på eininga og mange andre restriksjonar. Denne profilen er basert på erfaring frå andre skular og deira bruk av læringsbrett. Profilen inneheld også innstillingar på alle læringsbrett for alle elevar. Formålet med filteret er å avgrense tilgang til innhald som ikkje er eigna for barn.

Vårt filter fjernar noko av det ikkje ønskja innhaldet, men filteret må verte supplert av kontinuerleg arbeid med nettvett og digital danning frå både skulen og heimen. Filteret kommunen har lagt inn er låst til kvart enkelt læringsbrett. Det er alltid aktivt uansett kvar eleven måtte vere kopla til internett; heime, på skulen eller tilkopla andre nett.

Det vil dessverre skje at elevane likevel blir utsett for ikkje ønska innhald på internett. Det er derfor viktig at skulen, lærar og føresette rustar elevane best mogleg til å handtere situasjonar der dei kan bli møtt med slikt innhald.

Timeplan for skulen

Tid

 

 

07:15

SFO opnar

 

08:30 - 09:15

1.t

2.t

(organisert i dobbeløkt, utan pause)

09:15 - 10:00

10:00 - 10:15

Kortfriminutt

 

10:15 - 10:55

3.t

 

10:55 -11:15

mat

 

11:15 -11:45

Langfriminutt

 

11:45 -12:30

4.t

5.t

(organisert i dobbeløkt, utan pause)

12:30-13:15

13:15-13:25

Friminutt

1.kl går til SFO eller heim.

13:30-14:10

6.t

 

16.00

SFO stenger

 

Ordensreglement

Overordna ordensreglement

Overordna ordensreglement for skulane i Sula kommune (PDF, 516 kB)

Ordensreglar for Måseide skule

Alle elevar har rett og plikt til eit trygt og godt skulemiljø. Ordensreglane skal fortelje oss korleis vi skal ha det på skulen, og dei skal forklare kva som skjer om reglane brytast.

For at Måseide skule skal vere ein trygg og god skule rettar vi oss etter desse reglane;

  • Vi snakkar høfleg til kvarandre og er hjelpsame og greie mot alle.
  • Vi møter presis til timane og held god arbeidsro.
  • Vi leikar innanfor skulen sitt område og følgjer reglane for dei ulike leikeområda/aktivitetane.
  • Om du ser at nokon vert krenka eller mobba må du seie ifrå til ein vaksen eller forsøke å hjelpe den som vert utsett for det.
  • Vi viser respekt for skulen og andre sine eigendelar, og hjelper til med å halde orden på skulen.
  • Om du tek med mobiltelefon på skulen, skal den ligge avslått i sekken. Mobilen skal kun brukast etter avtale med skulen.
  • Godteri er ikkje tillat utan særskilt avtale med skulen.
  • Snus, tobakk eller anna rusmiddel er ikkje tillat på skulen.
  • Farlege gjenstandar som kan nyttast til å skade eller krenke andre er ikkje tillat på skulen.

Konsekvensar ved brot på reglane kan føre til:

  • Munnleg irettesetting.
  • Samtale med kontaktlærar, inspektør/ass.rektor, eller rektor.
  • Munnleg melding heim.
  • Skriftleg melding heim.
  • At tapt undervisningstid blir tatt igjen i friminutt.
  • Utelukking frå ein aktivitet/ ekskursjon/leirskule.
  • Bytte av klasse/gruppe både permanent og midlertidig, foreldre/føresette vert informert.
  • Gjensitting etter avtale med føresette.
  • Gjenstandar som forstyrrar undervisninga vert inndratt og delast ut ved slutten av dagen.
  • Gjenstandar som brukast på ein farleg, provoserande eller krenkande måte vert inndratt, og må hentast av føresette.
  • Inventar og utstyr som vert øydelagt må erstattast etter gjeldane reglement.
  • Ved svært alvorleg brot på reglementet, kan rektor vise bort eleven for resten av dagen(opplæringslova 2-10).

Konsekvensane skal stå i rimeleg forhald til brotet på ordensreglane.

Ordensreglane våre gjeld i skuletida, arrangement i regi av skulen, SFO, leksehjelp og på skulevegen.

Ordensreglementet er gitt med heimel i lov av 9 juni 2017 nr.38, §9A-10, om ordensreglement i grunnskulen.

Kle og utstyr

Utstyr elles:  

  • innesko
  • skiftklede 
  • drikkeflaske
  • matpakke
  • pennalhus 
Leksehjelp

Leksehjelp vert i hovudsak gitt til elevar på mellomsteget som melder seg på tilbodet. I nokre høve vil ein kunne opne for at også yngre elevar har anledning til å nytte seg av tilbodet, men det må avklarast og leggjast til rette for.  

Leirskule

Leirskuleopplæring for elevane i grunnskulen er heimla i opplæringslova. 

Med leirskule mener vi i i denne samanheng opphald ved bemanna leirskule eller annan aktivitet, for eksempel ekskursjonar eller turar, som har ei varigheit på minst tre overnattingar. 

Innhaldet i opplegget skal vere ein del av grunnopplæringa og skal koblast til kompetansemål i læreplanar for fag. 

Kommunen har etter § 2-15 i opplæringslova ikkje lov til å krevje noko form for eigenbetaling/eigenandel i samband med leirskuleopphaldet (reise, kost og losji). 

Måseide skule har i fleire år reist til Solhøgda Leirsted.

Søke om fri i skuleåret

I følgje Opplæringlova kan kommunen, når det er forsvarleg, etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Søknadsskjema

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.

Bestille mjølk og frukt

Frukt og mjølk kan du bestille på nett

Skulebibliotek

Ved Måseide skule har vi eit godt samarbeid med filialen til folkebiblioteket som er lokalisert i 2.etg på Sularuta. 

Nyttige lenker

Her har vi samla nokre lenker som vi trur kan vere nyttige for deg som er elev og føresett.