Ordensreglement for Sula ungdomsskule

Overordna ordensreglement


Ordensreglement for Sula ungdomsskule

Formål

Formålet med ordensreglane er å ivareta kravet om eit miljø som fremmer helse, trivsel og læring jfr. §9a i Opplæringslova.
Vidare å sørge for god læringsaktivitet på skulen i tråd med Opplæringslova og at vi tek vare på både
private eigendelar og skulen sine eigendelar og eigedom.
Ordensreglane gjeld i alle skulen sine aktivitetar og på veg til og frå skulen.

Åtferdsplakaten

  • Alle på skulen skal møte kvarandre med vennlegheit, høfleg framferd og vise omsyn og respekt for andre.
  • Det er totalforbod mot røyk, snus og alle andre former for rusmiddel på skulen sitt område og i skuletida.
  • Elevane skal ikkje uroe i undervisningssituasjon.

Ordensplakaten

  • Alle møter førebudd, presis og har med seg naudsynt utstyr og læremiddel.
  • Alle elevar skal delta aktivt i dei undervisingsaktivitetane skulen legg opp til.

Skulereglar

  • Garderobar og toalett er ikkje opphaldsareal.
  • Inne på skulen skal elevane vere rolege. l friminutta oppheld dei seg anten ute, i fellesarealet eller på eige trinnareal.*
  • Yttertøy (hodeplagg) og utesko skal vere i eige skap i garderoba.
  • Det er ikkje lov å ha med «Snop» (definert som alle typar sukkertøy, is, brus, energidrikk, tyggegummi, potetgull og liknande) inn på skulen.
  • Elevane har ansvar for at det alltid er fint og ryddig rundt eigen arbeidsplass.
  • Elevar skal alltid rydde etter seg når dei forlet eit areal.
  • Mobiltelefon og anna elektronisk utstyr skal vere sett på lydlaus og vere ute av syne iundervisningssituasjonar utan etter avtale med lærar.
  • Skulen er ikkje ansvarleg for verdisaker som elevane tek med seg på skulen.

Sanksjonar

Ordensreglane legg grunnlaget for vurderinga i orden og åtferd. Sjølv om enkelthendingar berre i særs
alvorlege tilfelle vil føre til nedsett karakter vil gjentekne brot kunne føre til at eleven får nedsett karakter
i orden og/eller åtferd. Høgt fråvær vil også kunne føre til nedsett karakter.
Skulen har fleire ulike sanksjonar som kan nyttast ved brot på ordensreglane:
Tilsnakk, merknad, melding heim, gjensitting, parade og bortvisning frå undervisning i inntil tre dagar. Kva for sanksjonar som vert nytta vil avhenge av alvorsgrada i situasjonen.

l følgje skulereglane er det ingen rett å kunne vere inne i friminutta, men elevrådet kan sette opp ei innekontrakt saman med rektor. Brot på denne vil kunne føre til at ordninga vert avslutta.