Sula kommune

Detaljregulering for GNR 62 BNR 28 m.fl. Leirvågen/Gartneritomta - 1. gongs offentleg ettersyn

Det faste utvalet for plansaker vedtok i møte den 10.04.2019, sak 033/19, med heimel i plan og bygningslova sin §§ 12-10 og 12-14 å legge forslag til detaljregulering for gnr 62 bnr 28 m.fl, Leirvågen / «Gamle gartneritomta», ut til 1. gongs offentleg høyring og ettersyn i minst 6 veker.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for forretning, delt bustad og forretning, køyreveg og parkering.

Plankart og saksdokument blir lagt ut til 1 gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 15.4 til 31.5.2019 

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg eventuelt e-post: post@sula.kommune.no innan 31.05.2019.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17
Mobil 70 19 91 17
Fann du det du leita etter?