Forskrift om skulereglar for grunnskulane i Sula kommune - høyring
Torsdag 19. september gjorde formannskapet vedtak om å legge forskrift om
skulereglar for grunnskulane i Sula kommune ut på offentleg høyring.
Med ny opplæringslov er det krav om at dagens forskrift om ordensreglar blir endra til forskrift om skulereglar (opplæringslova §10-7).
Vedtak i formannskapet
Formannskapet gjorde følgande vedtak;
1. Sula formannskap legg forslag til Forskrift om skulereglar for grunnskulane i Sula kommune ut på offentleg høyring.
2. Høyringsforslaget blir sendt direkte til ungdomsrådet i Sula kommune, FAU, andre råd og utval, samt til dei enkelte skulane med oppmoding om å gje innspel
3. Høyringsinnspela blir vurderte, og endeleg forslag til forskrift om skulereglar blir lagt fram for kommunestyret 05.12.2024.
Vedtaket var samrøystes.
Lover og reglar
Innspel
Høyringsfristen er sett til 07.11.2024
Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune på ein av følgande måtar:
Merk innspel med saksnummer 24/2620
Publisert 26.09.2024 13.21
Sist endra 26.09.2024 13.23