Sula kommune

Forslag til detaljregulering for gnr. 113 bnr. 57, 60 og 82 - 1. gong offentleg høyring og ettersyn

Det faste utvalet for plansaker vedtok i møte 22.1.2019, i sak 004/19, med heimel i plan- og bygningslova § 12-10, å legge forslag til detaljregulering for Sandvika, naust og rorbuer ut til offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Formålet med reguleringa er å legge til rette for rorbuer i 2. etg. av eksisterande naust, i tillegg til å  legge tiltrette for allmenta sin tilgang til strandsona i området.

Plankart og saksdokument vert lagt ut på kommuna si heimeside i tidsrommet 31.1 til 14.03.2019.

Merknader til planen skal vere skrifteleg og sendast til Sula kommune, postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no, innan 14.3.2019.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17
Mobil 70 19 91 17
Fann du det du leita etter?