Sula kommune

Forslag til detaljregulering for Kildehaugen – 1.gongs offentleg høyring og ettersyn

P-109/19 Vedtak, 11.12.2019: Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vedtek «Det faste utvalet for plansaker» å legge forslag til reguleringsplan for Kildehaugen naustområde, gnr 59 bnr 106, del av 44 og 15 ut til offentleg høyring og ettersyn i minst 6 veker. Plankart, planbeskrivelse og føresegner er datert 03.12.2019.

Naustområdet ligg ved Veibuststranda/Kildehaugen, ned mot Vegsundet. Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for naust, båtslipp, kjøreveg og parkering.

Vedlegg

Berørte myndigheiter og naboar vert varsla med brev.

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 07.02.2020.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17